Ta med barna gratis i helgene

Published: 1/13/2017 Changed: 1/13/2017

Visste du at opptil fire barn reiser gratis på ein vaksenbillett i helger og på offentlege fridagar? Ein kan bruke familierabatten både med enkeltbillett og periodebillett for vaksen og gjelder for barn mellom 6 og 18 år.

Du brukar din heilt vanlege vaksenbillett om du ynskjer å ta med barna på ei kollektivreise i helgen. Det er ikkje nødvendig å registrere barna på billetten eller i appen. Familierabatten gjeld berre reisande med billett til vaksen pris, ikkje til dømes militær, student eller honnør.