Bybanen opnar til Birkelandsskiftet 15. august

Published: 4/5/2016 Changed: 4/5/2016

15. august opnar Bybanens tredje byggetrinn vidare frå Lagunen. Bybanen er ferdigbygd til flyplassen, men vil i første omgang opne til Birkelandsskiftet. Den nye flyplassterminalen skal bli endehaldeplass for banen, men Avinor er ikkje ferdige med byggjearbeida i passasjerområdet. Endehaldeplassen vil vere i underetasjen til den nye flyterminalen. Kva tid Bybanen vil gå heilt til Flesland er ikkje avgjort, men ein reknar med å opne siste del av traseen i løpet av vinteren 2017.

Berekna reisetid frå Lagunen til Birkelandsskiftet er åtte minutt, og dermed vert total køyretid frå Byparken til Birkelandsskiftet 39 minutt. Frå Lagunen og heilt til Flesland er køyretida berekna til 12 minutt, og total køyretid mellom Byparken og Flesland er estimert til cirka 43-44 minutt. Køyretider avheng av mange faktorar, der ikkje alle detaljar kan bereknast på førehand. Rutetidene vil bli optimaliserte etter at banen er komen i trafikk.

Med opninga av den nye traseen vil òg åtte nye, lengre bybanevogner bli sette i trafikk. Dei er 42 meter lange (ti meter lengre enn dei gamle), og alle dagens vogner skal òg forlengast til same lengde.

Skyss vil gjere tilpassingar i busstilbodet i samband med bybaneopninga, og vi jobbar no med å planleggje busslinjer og rutetider. Bybaneopninga kjem samstundes med overgangen frå sommar- til haustruter.

Bussterminalen opnar i april

Birkelandsskiftet bussterminal opnar allereie 26. april. Terminalen er universelt utforma og vil ha digitale skjermar som viser sanntidsinformasjon med rutetidene. 

Innfartsparkering

Det heilt nye Birkelandsskiftet innfartsparkeringshus opnar òg august 2016. Her er det plass til 280 bilar, i to plan under bussterminalen. Anlegget har kosta om lag 100 millionar kroner.

Det vil bli innført parkeringsoblat på innfartsparkeringa. For å få ut oblat, må ein ha gyldig periodebillett. Ein kan stå parkert maksimalt 20 timar om gongen.

Vi ynskjer alle våre reisande velkomen til den oppgraderte bussterminalen!

Her finn du terminalkart med perrongoversikt

Den nye bybanebrua over Birkelandsskiftet er eit vakkert syn.