Billettkontroll handlar om rettferd

Published: 5/22/2018 10:00:28 AM Changed: 5/24/2018 12:40:38 PM

I 2017 reiste hordalendingane kollektivt over 70 millionar gonger. Skyss styrer kollektivtrafikken i fylket og skal få mest mogleg kollektivtrafikk ut av pengane. Kollektivtrafikken vert i hovudsak finansiert av billettinntektene og av offentlege midlar. Dessverre finst det nokre reisande som ikkje vil vere med på spleiselaget. Til saman fører snik til ein god del tapte inntekter, som kunne vore brukt på fleire avgangar med buss og bane. Skyss er derfor forplikta til å hindre snik, og billettkontroller er eit viktig ledd i dette arbeidet.

Det er Securitas som har i oppdrag å utføre kontrollar på vegne av Skyss. Kvar månad blir minst 50 000 passasjerar kontrollerte.

Tryggleiksrådgjevar Tommy Sekkingstad har jobba i Securitas i åtte år, for det meste med billettkontroll for Skyss. Han fortel at ein typisk dag startar med at vektarane samlar seg på kontoret. Her finn dei kortlesar, betalingsterminal, penn og gebyrblokk og planlegg dagens kontrollar på buss og bane.

«Vi jobbar alltid i team. Vi vil hjelpe alle vi kan, og vi gjer så godt vi kan med å sjekke på staden om dei reisande har gyldig billett. Det sparar alle for den unødige prosessen det blir dersom nokon først får eit gebyr, og seinare får gebyret sletta etter ei lang klagehandsaming.»

Nokre gonger har dei storkontroll, der alle reisande på kvart transportmiddel blir kontrollerte. 

GODT SAMARBEID

Sekkingstad fortel at det er eit godt samarbeid mellom vektarane og sjåførane.

«Vi er heilt avhengige av ein god dialog med bussjåførar og bybaneførarar. Dei er våre beste hjelparar, og frå dei får vi ofte innspel om kva linjer vi bør kontrollere. Vi prøver å spreie oss i heile fylket, og vi jobbar tidleg og seint, kvardag og helg. Vi prøver å kontrollere flest mogleg, til minst mogleg sjenanse for passasjerane.»

Sjølv om dei fleste betaler for seg, synest Sekkingstad det er for mange som snik.

«Det er litt rart at nokon trur dei kan ta denne bussen gratis, når den same personen ikkje ville gått ut av butikken utan å betale for varane.»

Tommy Sekkingstad er Tryggleiksrådgjevar i Securitas. Foto: Skyss

TETT PÅ FOLK

Vektarane møter svært mange menneske i arbeidsdagen sin.

«Som billettkontrollør får du opp augo for kva som rører seg der ute. Du ser folk i alle aldrar, alle livssituasjonar og med alle slags utfordringar, gleder og sorger. Det er ikkje alle som har ein fin dag. Vi prøver å vere ein serviceinstans, vi tilbyr hjelp når ein kunde spør om noko, til dømes hjelp til å kjøpe billett. Det aller viktigaste for oss er at kunden føler seg trygg på reisa.»

Sekkingstad har ingen fasit på kven som snik.

«Når vi går inn på ein buss, har vi inga meining på førehand om kven som ikkje har betalt. Då er alle uskuldige. Det er umogleg å vite på førehand, for dei som manglar billett, er alle typar menneske, unge og gamle. Vi handsamer alle med respekt og skal vere vennlege og serviceinnstilte uansett.

Dei som snik, tenkjer gjerne ikkje på seg sjølv som ein som snik. Dei fleste som snik, handterer det greitt å bli tatt. Men mange blir flaue, og då kan vegen vere kort til å bli hissig. Dei føler at alle augo er retta mot dei. Vi prøver å vere diskrete og snakke lågt, og om vi kan, sett vi oss ned ved sida av dei.

Mange har gjerne ei forklaring på kvifor dei ikkje har billett, men vi kan ikkje drive sakshandsaming der og då. Vi har ikkje tilgang til systema og kundehistorikken. Oppgåva vår er å handheve regelverket, og så blir klageprosessen det neste. Ein god del av klagane når fram. Det er jo litt synd at passasjeren blir sint, dersom saka løyser seg i etterkant.»

Sekkingstad er tydeleg på at dei aller fleste reisande er hyggelege.

«Kundeservice er vanskeleg. Det er viktig for oss å understreke at dei aller fleste er hyggelege menneske. Nokre er leie av å bli kontrollerte. Andre takkar oss fordi dei ser verdien av kontrollane. Dei synest ikkje det er noko bry å syne billetten, fordi dei ser at vi skal sikre at alle betaler sin del av utgiftene.»

FORDOMMAR

Vekterar som jobbar med billettkontroll møter ofte på fordommar.

«Noko vi kan møte på er at «du kom ikkje inn på Politihøgskolen».

Sjølv har eg aldri søkt Politihøgskolen, men vi har hatt mange vekterar som seinare har blitt politi. Dei har søkt og kom inn», smiler Sekkingstad. 

«Vekterar er heilt vanlege folk. Det kan vere naboen din, han som rykker ut til bustad-alarmen din, ho som gir førstehjelp på kjøpesenteret. Vi er berre heilt vanlege folk på jobb.»

Ein annan gjenganger er at folk spør om vekterane jobbar på provisjon.

«Det gjer vi altså ikkje. Nokon trur at det er derfor vi skriv gebyr. Og når vi seier at vi ikkje har provisjon, så spør dei kvifor vi då skal skrive gebyr.  Vi er opne for ulike meiningar om billettkontroll, men vi har ein kontrakt med Skyss som vi skal levere på, i tråd med transportvedtektene og Forskrift om yrkestransport. Securitas er eit av landets leiande tryggleiksselskap, og vi må vere profesjonelle på alle plan.»

TRUSLAR

Truslar er dessverre ein del av kvardagen for vektarane.

«Du har nokon som berre verbalt seier at vektaren er dum. Vektarane skal oppføre seg profesjonelt og svarer ikkje på slikt. Det hender at det eskalerer til «eg skal banke deg», eller «viss eg finn ut kvar du bur…».»

Grove truslar blir melde til politiet.

«Det er ikkje noko du skal akseptere i ein jobb, å bli trua med bank eller at nokon skal drepe deg.

Det hender at nokon blir fysiske mot vektarane. Det vanlegaste då er at dei prøver å presse seg forbi og dyttar. Då blir det ugreitt. Vi kontaktar ofte politiet i slike situasjonar.»

LOVVERKET

Det har vore mediesaker der det vert hevda at vektarane går utover sine fullmakter. Kva har eigentleg ein billettkontrollør rett til å gjere?

«Vi held oss til Forskrift om yrkestransport og Skyss sine transportvedtekter, som er godkjende av Samferdselsdepartementet. Dersom nokon prøver å unndra seg ein billettkontroll ved å rømme, kan vi halde dei tilbake. Vi kan altså fysisk hindre personar i å gå dersom dei ikkje kan syne billett. Vi skal ikkje halde tilbake nokon dersom dette etter omstenda vil vere det som kallast «eit urimeleg inngrep».

Men det er ekstremt få tilfelle der vi faktisk held nokon tilbake. Når vi gjer det, har som regel passasjeren starta med å vere fysisk først, til dømes ved å skubbe, eller springe rett på vektaren for å kome forbi. Dette vert rekna som ei kroppskrenking, og då held vi vedkomande tilbake av ein annan grunn enn at han ikkje har synt fram billetten. I slike tilfelle skal vi alltid kontakte politiet. Når det gjeld presseomtale, kommenterer vi aldri enkeltsaker. Eg er stolt av at våre tilsette held seg til dette, for dei har nok ofte lyst til å gi sin eigen versjon.

Folk flest er ganske skjerma frå mykje av det som skjer i samfunnet. Når du sit på bussen og ser nokon vere fysiske og bli haldne fast, så vert det nok opplevd som veldig ubehageleg. Men det er ikkje ulovleg, og det er ikkje vald. Ofte må vi ta hand om nokon for å hindre at dei skadar andre eller seg sjølv.»

Nokon gonger kan det skje andre og heilt uventa ting.

«Sjølv om du held på med ein billettkontroll, må du vere førebudd på mykje. Til dømes på å yte førstehjelp dersom nokon får eit sjukdomsanfall eller har tatt ein overdose. Då blir billettkontroll plutseleg mindre viktig. Det viktigaste for oss er alltid at folk er trygge.»

MANGE FINE OPPLEVINGAR

Tommy Sekkingstad fortel at jobben òg byr på mange fine opplevingar.

«Det er ei god kjensle å kunne gi ein bortkomen treåring attende til mor si. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og vi blir samansveisa og tar vare på kvarandre. Det er viktig for å handtere tøffe dagar, og etter vanskelege episodar har vi debriefing. Vi er ikkje feilfrie. Kvar einaste dag må vi evaluere oss sjølve. Kunne vi gjort noko annleis? Kunne vi trekt oss ut fortare? Kunne eg ordlagt meg på ein annan måte?»

Nokre opplevingar gjer dagen ekstra hyggeleg, til dømes meldinga som ei dame sende til Skyss etter at ho fekk gebyr. 

«Ho syntest ikkje så mykje om gebyret, men ho ville likevel gjerne skryte fordi vektaren hadde vore upåklageleg, smilande og grei. Ho tok seg bryet å sende ein e-post for å fortelje om det. Slikt varmar ekstra,» avsluttar Sekkingstad.