Innføring av autopass på ferjer er utsett

Published: 4/10/2018 7:29:45 AM Changed: 4/10/2018 7:30:50 AM

Vil truleg ikkje skje før tidlegast i tredje kvartal 2018.


Den heilt nye elferjen Møkstrafjord er sett inn i Austevoll-sambandet.

Det skulle bli innført AutoPASS-brikkebetaling på ferjene i Austevoll frå og med 15. mai 2018. Det skjer ikkje.

No er innføringa på alle samband utsett, då ikkje alle ferjeselskap kan levere system som kan handsame Autopass. Innføringa vil mest truleg ikkje kunne skje før seinare på året. Statens Vegvesen vil vurdere dato for innføring når meir informasjon foreligg. Avgjersla er basert på at omsynet til brukerane er viktigare enn framdrift av prosjektet. 

 

Autopass

Med Autopass blir det gratis å reise på ferja for passasjerar i buss eller bil, gåande og syklande, medan køyretøy må betale. Samstundes med omlegginga til AutoPASS blir bompengetakstane tilpassa. Autopass skal bli innført på alle ferjesamband i landet, med unnatak av ferjesambanda i Troms, Finnmark og på enkeltsamband i Trøndelag.

Her finn du informasjon om AutoPASS ferje

Fjord1 er ansvarleg for informasjon om billettar og prisar, sjå nettsida for informasjon

Innføringa vart vedteken i Nasjonal transportplan 2014 – 2023. Meld. St. 26 (2012-2013)