Åsane terminal er oppgradert

Published: 9/13/2018 12:00:23 PM Changed: 9/27/2018 8:29:09 AM

Terminalen har fått auka kapasitet og den blei opna måndag 1. oktober 2018.

Terminalen er utvida med ei ny perrongplattform (perrong G), og terminalen har no totalt 7 perrongar. Langdistansebussar og flybussen vil køyre frå perrong G. Stoppmønsteret for dei andre bussane blir det same, med nokre mindre justeringar. Sjå informasjon på staden frå 1. oktober.
Alle perrongane er markerte med perrongsøyler og linjenummer.

På terminalen er det installert to interaktive skjermar, som mellom anna viser avgangstider, sanntidsinformasjon og linjekart.

På terminalen er det sett av eit eige område der bussar kan vente mellom turane, og det er etablert eige bussfelt til/frå motorvegen.

Terminalen er universelt utforma, og du finn to billettautomatar der. Det er parkering for bil og sykkel like ved.

Frå terminalen er det gangtunnel til Åsane senter, og gangveg til Åsane storsenter og Horisont.

Vi ønsker alle våre reisande velkomen til den oppgraderte bussterminalen!

Her er terminalkart gjeldande frå 1. oktober