Arna terminal blir flytta i eitt år

Published: 8/28/2017 Changed: 8/28/2017

Frå måndag 4. september 2017 og cirka eitt år framover blir Arna terminal flytta 150-200 meter austover Ådnavegen.

Årsaka til flyttinga er at terminalen må flaumsikrast mot elva som går under terminalen.

Den nye, førebelse terminalen vil bli inndelt i perrong A og B på same måte som i dag:

Perrong A
Linje 91, 92, 95, 200 og 210

Perrong B
Linje 90, 93, 925, 930, 950 og 4500 (Sognebussen)

Infosøyler, sanntidskjerm og billettautomat blir flytta til førebels terminal. På veg opp av gangtunnelen til den nye bussterminalen vil det bli satt opp eit ekstra leskur.

Når arbeidet er ferdig vil den nye og forbetra terminalen stå ferdig der den gamle låg.

Vi beklagar ulempene flyttinga gir våre reisande.

Her finn du det nye terminalkartet