Store endringar for ferjedrifta i Hordaland

Published: 10/9/2019 Changed: 10/9/2019

Skyss overtek gradvis ansvaret for alle 17 fylkeskommunale ferjesamband i Hordaland. I denne samanheng skal alle samband over på AutoPASS-regulativ og brikkebetaling. I tillegg får alle ferjesamband ny operatør og nye eller oppgraderte ferjer (elektrisk). Endringane har allereie trådd i kraft for ferjene i Austevoll og Duesund–Masfjordnes, mens for dei resterande sambanda vil endringare skje frå 1. januar 2020.

AutoPASS for ferje
Ved overgang frå riksregulativet til AutoPASS-regulativet og brikkebetaling, vert det nye takstar for køyretøy. Alle gåande, syklande (inkludert sykkel/el-sykkel) og passasjerar i køyretøy reiser gratis. Det vil også seie at du ikkje betalar for ferja når du reiser med buss. El-bil (nullutsleppskøyretøy) får 50 % rabatt på ordinær takst på ferje. Det er framleis mogleg å kjøpe billett manuelt når du køyrer om bord og betale med bankkort/kontant. Pristabellar per samband kjem så snart dei er klare.

For å få rabatt, gjer du følgjande:

  1. Skaff deg ei AutoPASS-brikke hos eit bompengeselskap - www.autopass.no 
  2. Teikn ein AutoPASS for ferje-avtale - www.autopassferje.no
  3. Knyt AutoPASS-brikka til ferjeavtalen (dersom dette ikkje allereie er gjort) - www.autopassferje.no

Du kan lese meir om AutoPASS-regulativet og ferjetakstar på Statens vegvesen sine nettsider

Nye/oppgraderte ferjer og rutetilbodet
Det er sett strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, noe som inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Som følgje av dette vil alle ferjene på dei fylkeskommunale ferjesambanda frå 2020 vere hybridelektriske, med unnatak ferja på sambandet Masfjordnes – Duesund som er batterielektrisk. 

Overgang til elektrisk drift vil medføre nokre endringar i rutetilbodet som følgje av ladetid ved kai. Det vil i einskilde samband nyttast ei kombinasjon av elektrisk drift og biodiesel, for å få på plass eit tilstrekkeleg rutetilbod. Rutetabellar kjem så snart dei er klare.

 
MF Møkstrafjord

Oversikt over ferjesamband, operatør og kontraktsperiodar