Ny versjon av billett-appen

Published: 11/4/2015 Changed: 11/4/2015

Vi har oppdatert billett-appen vår. Den største endringa er at vi har innført ei 2 minutt forseinking ved kjøp av billettar. Det vil seie at det vil gå 2 minutt frå du kjøpar ein billett i appen til billetten er aktiv. Du kan likevel gå om bord når billetten er kjøpt og teksten "Aktiv om 2:00 - Påstigning tillatt" visast og nedtellinga har starta.

I tillegg har vi lagt til fleire billettypar i appen: 

  • Enkeltbillett for hund og sykkel
  • 24-timarsbillett for vaksen, barn og honnør

Appen er no tilgjengeleg på telefonar med utenlandsk nummer, slik at mellom anna studentar frå utlandet og turistar kan nytte appen.

Vi har også gitt appen eit nytt design med reinare og meir moderne utsjåande.

NB: Du må logge inn på nytt når ny versjon er lasta ned.

Last ned Skyss Billett gratis i App Store eller Google Play.

På grunn av mellom anna eit stort tal takstsoner i Hordaland har vi ikkje prioritert ressursar til å lage ei løysing for enkeltbillett og periodebillettar for heile Hordaland enno. 

Les meir om billett-appen