158 nye og attraktive bussar til Bergen nord

Published: 10/21/2020 Changed: 10/21/2020

Skyss har starta ein ny, ti års busskontrakt for Åsane, Arna og Osterøy inkludert linje 3, 4 og 5, med Tide Buss som operatør.

Ny busskontrakt inneber heilt ny busspark med 158 fossilfrie bussar, 70 prosent kutt i klimagassutsleppa, USB-lading ved buss-seta og sanntid på Osterøy. Det blir førebels ingen endringar i rutetilbudet. Bussanlegga som skal nyttast, er på Haukås og i Lonevåg.

Osterøy har fått sanntid

Den nye busskontrakten inneber fleire endringar som gjer bussane meir moderne og attraktive for de reisande. Mellom anna har Osterøy no sanntid for første gong.

  • Heilt ny busspark gir ei merkbar heving av komforten for dei reisande. Dei eldste av dei gamle bussane var frå førre kontraktsoppstart i 2011.
  • Bussane er meir stillegåande enn før
  • USB-kontakt for lading ved alle dobbeltsete
  • Bussar på Osterøy har fått sanntid slik at reisande kan sjekke kva tid bussen kjem
  • Alle bussane har setebelte

Ein miljøretta kontrakt

Med dei nye bussane har Skyss og fylket teke eit langt, miljøvennleg steg framover. Fylkestinget har sett som mål at all kollektivtransport skal bli fossilfri. I den nye kontrakten er alle desse tiltaka oppfylt:

  • All energi er fornybar
  • Ein større del gassbussar gjer at størsteparten av den fornybare energien er biogass
  • Biogass har enno lågare klimagassutslepp enn palmeoljefritt biodrivstoff
  • Bruk av biogass kan inngå i lokalbasert sirkulærøkonomi – vi nyttar biogass produsert hovudsakeleg av kloakkslam frå vår eigen region
  • Kutt av klimagassar er berekna til om lag 70 prosent samanlikna med førre kontrakt

NB: På grunn av koronaviruset selges det for tida ikkje billettar om bord og framdør er stengd. Sjå dei gjeldande smitteverntiltak for kollektivtrafikken her