For ei reise det har vore!

Published: 11/11/2019 Changed: 11/11/2019

Bybanen feirar 100 millionar reisande.

Sidan Bybanen opna 22. juni i 2010 har passasjertala auka jamt og trutt. Første året var det i underkant av 3 millionar reiser, og i fjor var det meir enn 15 millionar reisande med Bybanen.Til neste år feirar Bybanen 10 år, men allereie no i november vil reisande nummer 100 millionar trå inn på banen.

Skyss og Bybanen markerte sjølvsagt dette tydeleg, med kake å få til våre passasjerar og forbipasserande ved Byparken haldeplass og vi kåra reisande nummar 100 millioner! 


Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø gratulerer Anja Jansen Horn som vart reisande nummer 100 millionar med Bybanen. 

Dei første åra gjekk banen frå Byparken til Nesttun, og tre år etter opninga vart Bybanen forlenga til Lagunen. Då byggetrinn 3 vart ferdig i 2017, gjekk banen heilt til Bergen lufthamn Flesland, og fekk ei lengde på 20,4 kilometer. Sidan passasjertala steig fort, blei det naudsynt å auke kapasiteten, og i 2016 starta ombygginga med å forlenga alle vognene med 10 meter. Året etter var alle dei 28 vognene ferdig bygde om og fekk ein lengde på 42 meter. Den maksimale kapasiteten er 280 passasjerar mot 212 i dei kortare vognene, men det er det vi kallar den praktiske kapasiteten. Kor mange passasjerar det normalt er plass til, er noko lågare.

Byggetrinn 4 av Bybanen, Byparken - Fyllingsdalen  starta i 2018 og er godt i gang. Planlagt opning er i årsskiftet 2022/2023.

Fakta om Bybanen

·         Bybanen har no totalt ein vognpark på 28 vogner

·         Kvar vogn har sju moduler og 92 sitteplassar.

·         Bybanen bruker 750 volt likestraum. Dette er standard for urbane elektriske system som bybaner, t-baner og trolleybuss.

·         Vogntypen er Variobahn som er ei låggolv bybanevogn

·         Når bybanevognene ikkje er i drift, bur dei i den moderne vognhallen på Kokstadflaten

·         Maksimalfarten er 70 km/t.

Bli med om bord!

Her kan du sjå ein 60-sekundars video av Bybanen mellom Lagunen og Bergen lufthavn Flesland
(video av Bybanen Utbygging/ Rune Jenssen)