Bybanen til Fyllingsdalen

Bygginga av bybane til Fyllingsdalen er starta og den nye linja skal stå ferdig i 2022. Den nye linja vil køyre mellom Kaigaten og Fyllingsdalen terminal via Haukeland og vere cirka 9 km lang. Køyretida er berekna til 18 minutt. 

Her kan du følgje utbygginga på Bybanen utbygging sine nettsider

Utbygging av Bybanen og framtidig kollektivtilbod

Kollektivtrafikken skal betene mange fleire kundar i årene som kjem. Dette som følgje av at det blir fleire innbyggarar i byen, og at det er ein målsetting at privatbiltrafikken ikkje skal auke, men helst gå ned. Derfor blir kollektivnettet styrka i Bergen. Bybanetilbodet blir bygga ut, og framtidas kollektivnett i Bergen vil bestå av eit integrert buss- og banesystem. Sjølv med eit fullt utbygd bybanenett er det anslått at cirka 60% av kollektivpassasjerane vil køyre med buss. Skyss legg derfor opp til satsing både på bybane og buss. Men busstilbodet må bli tilpassa bybanenettet, slik at det dekker flest moglege reisebehov, og aukar kapasiteten på dei strekningane som er mest etterspurd, innanfor budsjett.

Skyss sin trafikkplan for Bergen seier at vidareføring og styrking av bystamlinjenettet er viktig. Derfor er det planlagt at dagens linje 4 (Hesjaholtet – Oasen – Sentrum – Åsane – Flaktveit) skal førast vidare, og at dagens linje 12 i Fyllingsdalen (Oasen – Smiberget – Ortuflaten – Lynghaug – Sentrum) skal få fleire avgangar og bli køyrd med leddbussar. Linje 12 vil i 2020 få nytt linjenummer, linje 5, og traseen vil bli litt endra. Då vil linja køyre via Kalfaret til Haukeland, og vidare til Sletten. Det er planlagt at desse to linjene (linje 4 og framtidige 5) vil køyre som normalt etter bybanen har opna i 2022.

Frå 2020 vil også dagens linje 19 bli noko endra. Alle turar på linje 19 vil ende på Løvstakkskiftet, og linja blir forlengt nord for sentrum til Åsane terminal. Dagens tilbod mellom Oasen og Løvstakkskiftet vil likevel bli heldt ved lag som ei lokal busslinje. 

Utover dette føreligg det ingen andre konkrete vedtekne ruteendringar, men utbygging av bybane til Oasen (2022) og bygging av nytt Sotrasamband (2023) vil gi endringar i kollektivtilbodet i Fyllingsdalen bydel. Når bybanen opnar vil trasé og tilbod på linje 14, 18, 25 og 28 bli teke opp til vurdering. Og ved opning av Sotrasambandet vil linjene som bind saman Fyllingsdalen og Laksevåg (23, 24 og 47) bli tatt opp til vurdering. Det er ikkje gitt at tilbodet blir redusert, men tilbodet må tilpassas bybanens trase, samt at det i samband med nytt Sotrasamband vil bli fokusert på å forbetre busstilbodet mellom Storavatnet, Loddefjord og Oasen.