Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for buss i Vestland og Bybanen i Bergen, i tillegg til Askøybåten (båtruta mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen i Bergen) og Nordhordlandsbåten (båtruta mellom Knarvik – Frekhaug og Strandkaiterminalen i Bergen).

Vestland fylke er delt opp i ti prissoner. Det vil vere talet på soner frå påstiging til avstiging som avgjer prisen. Prisane går fram av dei gjeldande pristabellane. For alle billettar gjeld ein makspris ved fire soner. Alle prisar blir runda av til næraste krone (enkeltbillettar) og næraste 5 kroner (periodebillettar).

For Flybuss i Førde og Sogndal gjeld eigne billettar, rabattar, prisar og kjøp (sjå punkt 6).

1.1 Reisebevis

Påstiging er tillate så lenge ein går om bord på transportmiddel i rute medan billetten er gyldig. Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og sone(r), og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis e.l.). Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.

Billettformatet kan variere ut frå kor billetten er kjøpt:

  • Skyss Billett-app: Billetten ligg i appen.
  • Nettbutikk på skyss.no: Du kan velje mellom å bruke Skysskortet eller å få tilsendt billetten på e-post/SMS.
  • Billettautomat: Du kan velje mellom å bruke Skysskortet eller å få skrive ut ein eingongsbillett.
  • Om bord: Du får utlevert ein papirbillett.
  • Kundesenter: Du får ein papirbillett ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillett. Ved kjøp av periodebillettar må du ha eit Skysskort.

1.2 Takstsamarbeidsavtalar

Skyss har takstsamarbeid med andre transportaktørar. Ved reiser med andre transportaktørar må kvittering for gyldig Skyss-billett visast fram ved kontroll.

1.2.1. Tog

Følgjande Skyss-billettar er gyldige på tog i Vestland (Vossebanen og Arnalokalen):

  • Enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillett i sone A mellom Bergen og Arna/Trengereid.
  • Periodebillett (7, 30 og 180 dagar) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss
  • 30-dagars ungdomsbillett mellom Bergen og Myrdal.

Vy har eigne rabattar og reglar knytt til gruppereiser, følgjeperson og dyr, og nyttar eigne satsar for ombordtillegg. Du kan lese meir om dette på vy.no.

1.2.2 Ekspressbussar

Følgjande Skyss-billettar er gyldige på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke:

  • 30- og 180-dagars periodebillett
    • Du må ha periodebillett for sonene der du reiser med ekspressbussen. Ved reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy eller NOR-WAY. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.
  • 30-dagars ungdomsbillett

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Viss du vil ha enkeltbillett eller annan billett til ekspressbuss, må du kjøpe denne frå kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:

Skyss-billettar på ekspressbuss kan ikkje nyttast på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussruter rundt Bergen på desse strekningane:

  • Mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • Mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • Mellom Bergen busstasjon og Trengereid

På desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy eller Nor-Way.

Skyss-billettar kan heller ikkje nyttast på flybussen i Bergen.

1.2.3 Osterøyferja

Følgjande Skyss-billettar er gyldige for bussreisande på Osterøyferja mellom Breistein og Valestrand:

  • 7-, 30- og 180-dagars periodebillett
    • Du må ha periodebillett for sone A.
  • 30-dagars ungdomsbillett

Viss du vil ha enkeltbillett til ferja, må du kjøpe denne frå kanalane til Osterøy Ferjeselskap.

2. Kjøp av billett

2.1 Appen Skyss Billett

I mobilapplikasjonen «Skyss Billett» for iPhone, Android- og Huawei-telefonar kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar, 24- timarsbillett og periodebillettar for heile Vestland. Viss du kjøper billett i appen, treng du ikkje registrere denne om bord, men du må leggje fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: bankkort, Vipps, mobilkonto

2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i Skyss Billett-appen. Innskot på mobilkontoen må vere minst kr 200, og maksimal saldo er kr 5000. For at du skal kunne betale med mobilkontoen, må saldoen som minimum vere lik kjøpesummen. Du kan fylle på saldo for mobilkonto på følgjande måtar:

  • Med VISA eller Mastercard.
  • Med overføring frå nettbank. Send SMS MED «KID» til 2412 for meir informasjon.

2.2. Nettbutikk

I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar. Ved kjøp av periodebillettar må du ha eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan du velje mellom å bruke Skysskort, skrive ut eller sende billetten på SMS eller e-post. Viss du kjøper billett i appen, treng du ikkje registrere denne om bord, men du må leggje fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: bankkort, vipps

2.2.1 Skysskortet

Skysskortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Vestland og blir brukt til kjøp av periodebillettar i nettbutikken på skyss.no. Du treng ikkje registrere Skysskortet om bord, men ved kontroll må du vise fram kortet saman med eventuell dokumentasjon som viser at du har krav på rabatt.

2.3 Billettautomat

Du kan kjøpe billett på billettautomat ved alle haldeplassane til Bybanen. Viss du kjøper billett på billettautomat, treng du ikkje registrere denne om bord, men du må leggje fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: bankkort, mynt

2.4 Om bord

Du kan kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar om bord. Du får ein papirbillett og må kunne vise fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: bankkort, kontant

2.4.1 Kontanttillegg

I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett med kontantar om bord.

På tog gjeld eigne satsar.

2.5 Kundesenter

Hos Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan du kjøpe alle typar billettar for Hordaland. Viss du kjøper billett hos kundesenteret, treng du ikkje registrere denne om bord, men du må leggje fram gyldig reisebevis ved kontroll.

Betalingsmåtar: bankkort, kontant

3. Billettypar

3.1 Enkeltbillett

Enkeltbilletten er gyldig i 90 minutt for éi sone etter kjøp/starttid, med tillegg på 30 minutt for kvar ekstra sone billetten er gyldig i.

3.1.1 Enkeltbillett– ei enkeltreise

Ein enkeltbillett gjeld for ei enkeltreise innanfor éi eller fleire soner. Enkeltbillett er tilgjengeleg for vaksen, barn, honnør og militær.

I tillegg gjeld enkeltbillettar på følgjande:

  • Tog (Vossebanen og Arnalokalen) i sone A.

3.2 Periodebillett 

Alle periodebillettar er upersonlege og kan brukast av fleire – men ikkje samstundes. Billettane kan berre brukast av éin person om gongen. Personen som nyttar billetten, må kunne framvise denne og innfri krava til alder og rabattar.

Dersom du reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett. Du betaler for dei sonene du ikkje allereie har billett for.

3.2.1 24-timarsbillett

24-timarsbilletten gjeld for eit uavgrensa tal på reiser innanfor eit bestemt tal på soner. 24-timarsbilletten er tilgjengeleg for vaksen, barn og honnør.

I tillegg gjeld billetten på følgjande:

  • Tog (Vossebanen/Arnalokalen) i sone A mellom Bergen – Arna –Trengereid.

3.2.2 7-, 30- og 180-dagarsbillett

7-, 30- og 180-dagarsbillett gjeld i 7, 30 eller 180 dagar for eit uavgrensa tal på reiser innanfor eit bestemt tal på soner. 7-, 30- og 180-dagarsbillett er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør.

I tillegg gjeld periodebillettane på følgande:

  • Tog Vossebanen/Arnalokalen: Alle periodebillettar i sone A, E og F mellom Bergen og Voss, ref. punkt 1.2.2.
  • Ekspressbuss: 30- og 180-dagarsbillettar gjeld også på ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med nokre unntak. Sjå punkt 1.2.2.
  • Osterøyferja: Alle periodebillettar for sone A, ref. punkt 1.2.3.

3.2.3 Ungdomsbillett – 16 til og med 20 år

Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå du fyller 16 år og fram til den månaden du fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skule som ikkje har fylt 16 år, kan òg kjøpe denne typen billett, men må då dokumentere gjennom inntaksbevis at dei går på vidaregåande.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på alle bussrutene til Skyss i heile Vestland og på Bybanen i Bergen. Billetten gjeld i tillegg på følgande transportmiddel:

Andre bussruter:

  • Bussrutene til Fram i Sogn og Fjordane
  • Bussrutene (inkludert nattavgangane) til Kolumbus i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
  • «Trygt heim»-ruter
  • Flybuss i Førde og Sogndal
  • NB: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen


 Båt:

  • Alle båtruter i Vestland, med følgande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund Herand Utne Kinsarvik Lofthus Ulvik Eidfjord)
  • Ekspressbåtrutene til Norled mellom Sogn og Bergen, og mellom Nordfjord og Bergen. Du kan reservere plass om bord ved reise med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje: 

  • Alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband i Vestland bruker AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du nytte ungdomsbilletten.

Ekspressbuss:

Ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • Mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • Mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • Mellom Bergen busstasjon og Trengereid

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen). 
  • NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller Flåmsbana.  

Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss- og båtruter i Vestland.

Hugs kvittering:

Du må vise kvittering og legitimasjon når du reiser med ekspressbuss, tog eller ekspressbåt.

4. Kategoriar

Dei reisande betaler ulik pris ut frå kva kategori dei kjem inn under.

4.1. Vaksen

Personar mellom 18 og 67 år gjeld som vaksne, og betaler full pris for alle billettypar.

4.2 Barn

Barn mellom 6 og 18 år betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar.

Barn opptil 6 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det bli kravd gyldig legitimasjon.

NB: For reiser som inkluderer båt, gjeld barnebillett for barn mellom 4 og 16 år. Barn opptil 4 år reiser gratis på båt.

4.3 Honnør

Honnør er:

  • personar over 67 år
  • blinde/døvblinde
  • personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir
  • personar, uavhengig av nasjonalitet og bustadland, som har ei varig lovfesta trygdeyting basert på minst 50 prosent uføretrygd frå ei offentleg trygdeordning i eit anna EØS-land, tilsvarande norsk folketrygd
  • uføre flyktningar med supplerande stønad

Honnørreisande betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar.

Ektefelle / registrert partnar som reiser saman med honnørreisande på enkeltbillett, betaler same pris som honnør.

På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må honnørreisande kunne vise gyldig legitimasjon. Honnørreisande under 67 år må i tillegg vise honnørkort frå NAV. Blinde skal i tillegg til legitimasjon vise bevis frå Blindeforbundet, medan døvblinde viser eige tilleggsbevis.

4.4 Student

Student gjeld opptil fylte 30 år, og gir ca. 40 prosent rabatt på 7-, 30- og 180-dagars periodebillett. Studentar betaler full pris på enkeltbillettar og 24-timarsbillettar.

Student vil seie:

  • student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
  • lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4
  • vaksen framandspråkleg som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet

På førespurnad frå sjåfør eller billettkontrollør må du som student kunne vise dokumentasjon på at du studerer / går i lære i det aktuelle semesteret. Viss du ved ein billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale gjeldande gebyr. Gyldig bevis må innehalde namn, fødselsdato og studiestad, og vise at det gjeld dette semesteret:

  • Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
  • Dokumentasjon frå skule som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
  • Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember.

For lærlingar/lærekandidatar vil gyldig dokumentasjon vere eitt av følgjande:

  • Personleg ID-kort frå bedrifta, merka «Lærling» eller «Lærekandidat».
  • Kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format).
  • Stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, merkt med periode for lærekontrakt, namn og fødselsdato.

4.5 Militær

Militær er vernepliktig mannskap (førstegongsteneste). Denne gruppa betaler ca. halv pris på enkeltbillettar, men lågaste pris er lik vaksenpris for 1 sone.

Militær gjeld for tenesteperioden som står på ID-kortet frå Forsvarsdepartementet (FD-ID). FD-ID gjeld som dokumentasjon. For innkallingsreiser nyttast innkallingsordren som dokumentasjon.

Militær omfattar berre norske statsborgarar som er knytte til det norske forsvaret.

4.6 Følgjeperson

Følgjepersonar til nokon med nedsett funksjonsevne som har følgjekort og gyldig billett, reiser gratis på transportmidla til Skyss. Følgjepersonen treng ikkje eigen billett.

På tog:

Når du bruker Skyss-billett på reiser med tog i sone A (mellom Bergen og Trengereid), gjeld same vilkår som på buss, Bybanen og båt.

På reiser med tog utanfor sone A gjeld eigne reglar.

5. Rabattar

Dersom fleire reiser saman, kan det bli gitt ulike rabattar. Du kan òg oppnå rabatt ved å kombinere reiser med buss og båt.

5.1 Familie

Reisande over 18 år som har gyldig billett, kan ta med seg inntil fire barn mellom 6 og 18 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar. Barn under 6 år reiser alltid gratis.

Familierabatten gjeld også på tog (Vossebanen/Arnalokalen) for enkeltbillettar og 24-timarsbillettar i sone A mellom Bergen – Arna – Trengereid og periodebillettar (7-, 30 og 180-dagarsbillett) i sone A, E og F mellom Bergen og Voss.

5.2 Gruppe

Det blir gitt 17 prosent rabatt for vaksen når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett. Barn, honnør og militær får ikkje særskild rabatt, men blir rekna med i talet på reisande. Student har ikkje rabattert pris på enkeltbillett, og blir rekna som vaksen. Barn under 6 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

Kontakt Vy for gruppereiser med tog.

5.3 Kombinasjonsreiser buss/båt

Ved kjøp av periodebillettar for kombinasjonsreiser med buss/båt kan du oppnå rabatt. Rabatten varierer ut frå kor du reiser. 

6. Flybuss i Førde og Sogndal

Skyss har eigne flybussar som går til/frå Førde Lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen. Her gjeld eigne prisar og reglar:

  • Berre enkeltbillettar for vaksen og barn. Barn betaler halv pris.
  • Du må kjøpe billett om bord og betale denne kontant eller med bankkort.
  • 30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett på flybussane.

Lokalreisande som skal reise korte strekningar med flybussen, og som ikkje startar eller avsluttar reisa på flyplassen

  • betaler ordinære prisar (sonepris)
  • kan nytte periodebillett (7-, 30- og 180-dagarsbillett)

7. Reisegods o.l.

7.1 Handbagasje

Du betaler ingenting for å ta med handbagasje.

7.2. Barnevogner, rullestolar og ski

Barnevogn, rullestol og ski kan takast med gratis så lenge det er plass.

7.3 Dyr

Dyr reiser gratis. På tog gjeld eigne reglar.

7.4 Sykkel

Buss/Bybanen: Det er høve til å ta med sykkel/el-sykkel og stor sparkesykkel / el-sparkesykkel så lenge det er plass. Dette kostar ca. halv pris av ein enkeltbillett. Samanleggbar sykkel/sparkesykkel blir rekna som handbagasje.

Askøybåten og Nordhordlandsbåten: Sykkel/el-sykkel og sparkesykkel/el-sparkesykkel kan takast med gratis så lenge det er plass.

8. Refusjon

Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar blir ikkje refunderte. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar og ungdomsbillett kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.

9. Skyss skolekort

Skolekortet kan berre nyttast av personen det er utferda til, og gir rett på to reiser per skoledag mellom heim og skole. Skolekort for grunnskolen er gyldig frå kl. 05:00 til kl. 19:00, og til kl. 23:00 for vidaregåande skole. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje nyttast på laurdagar, søndagar og i skoleferiar.

Elevar som mistar skolekortet, må sjølve dekke reiseutgiftene fram til dei får nytt kort. Då det er skolen som administrerer skolekortet, må du kontakte skolen for å få nytt kort. Reglane for skoleskyss går fram av skoleskyssreglementet. Elevar som nyttar Skyss-/Kringom-skolekort, må vise gyldig legitimasjon ved billettkontroll.