Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for Skyss sine båtruter i Hordaland.  

NB: Båtruta Kleppestø – Bergen (Askøybåten) går inn under pris- og rabattreglementet for buss/bane.  

Båtrutene i fylket er delt opp i pristrinn. Ved prisfastsetting skal prisen bereknast på bakgrunn av ombordstiging og avstiging.  

1.1 Reisebevis 

Ombordstiging er tillat så lenge ein går om bord på transportmiddel i rute, innan utløpstida på billetten. Under reisa må kunden alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for tidsperiode og strekning, og gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis o.l.).  Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.  

Billetten kan ein ha i forskjellige format, ut frå kor ein har kjøpt billetten: 

  • Skyss Billett-app: Billetten finn ein i appen 

  • Nettbutikk på skyss.no: Ein kan velje mellom bruk av Skysskortet eller sende billetten på e-post/sms  

  • Billettautomat: Ein kan velje mellom bruk av Skysskortet eller få utstedt ein eingongsbillett  

  • Om bord: Ein får utstedt ein papirbillett 

  • Kundesenter: Ein får utstedt ein papirbillett ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillett. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskortet. 

2. Kjøp av billett

2.1 Skyss Billett-app 

«Skyss Billett» er ein mobilapplikasjon for iPhone og Android telefonar for kjøp av alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland, med unnatak for reiser med kombinasjon av buss/båt. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt i appen om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.  

Betalingsmåter: Bankkort, Vipps, mobilkonto. 

2.1.1. Mobilkonto – reisekonto på mobil 

Mobilkonto er eit betalingsmiddel i Skyss Billett-appen. Innskot på mobilkontoen må vere minst kr. 200, og maksimal saldo er kr. 5000. For å kunne betale med mobilkontoen, må saldoen vere minimum tilsvarande kjøpesum. Ein kan fylle på saldo for mobilkonto på følgjande måtar: 

  • VISA eller Mastercard 

  • Overføring frå nettbank. Send SMS MED «KID» til 2412 for meir informasjon.  

2.2. Nettbutikk  

I nettbutikken på skyss.no kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet, skriva ut billetten eller sende den på sms eller på e-post. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt i nettbutikken om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll. 
 
Betalingsmåtar: Bankkort, vipps 

2.2.1 Skysskortet 

Skysskortet er eit reisekort for kollektivtrafikken i Hordaland og vert nytta til kjøp av periodebillettar på billettautomatar. Ein treng ikkje registrera Skysskortet om bord, men det må visast fram ved kontroll, saman med dokumentasjon ved krav på rabatt. 

2.3 Billettautomat  

På alle Bybane-haldeplassar og utvalde busshaldeplassar og terminalar kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for heile Hordaland. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet eller få utstedt ein eingongsbillett. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt på billettautomat om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll. 
 
Betalingsmåtar: Mynt, bankkort 

2.4 Om bord 

Om bord på båt kan ein kjøpe alle typar enkeltbillettar og periodebillettar for strekningen, inkludert reiser i kombinasjon buss/båt. Ved kjøp av periodebillettar treng ein eit Skysskort. Ved kjøp av enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan ein velje mellom bruk av Skysskortet eller få utstedt ein papirbillett. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt på om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.  
 
Betalingsmåtar: Kontant 

2.5 Kundesenter 

På Skyss kundesenter på Bergen busstasjon ein kjøpe enkeltbillettar og 24-timars billettar. Ein får utstedt ein papirbillett. Ein treng ikkje registrera billettar kjøpt på kundesenteret om bord, men gyldig reisebevis må visast fram ved kontroll.  
 
Betalingsmåtar: Bankkort, kontant  
 
Ein kan i tillegg få hjelp til kjøp av periodebillettar i app eller i nettbutikken på kundesenteret 

3. Billettypar

3.1 Enkeltbillettar 

Gyldig overgangstid skal gå fram av billetten og vil variere ut frå reisestrekning.  

3.1.1 Enkeltbillett båt – ei enkeltreise 

Ein enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning.    

3.1.2 Enkeltbillett buss/båt – kombinasjonsreiser  

Ein enkeltbillett buss/båt gjeld for ei enkeltreise innanfor ein eller fleire soner med buss/bybane/Askøyruta pluss på ei bestemt strekning med båt (båtruter for Sunnhordland, Nordhordland og Austevoll). Ein enkeltbillett buss/båt er tilgjengeleg for alle typar reisande.  

3.1.3 Tur/returbillett båt  

På lengre strekningar får vaksne reisande 50 prosent rabatt på returreisa ved kjøp av tur/returbillett båt. Desse strekningane går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen. Retur må finne stad innan 15 dagar. Det vert ikkje gitt refusjon for unytta returbillett.   

Tur/returbilletten kan ikkje kombinerast med andre rabattar. Andre kundegrupper kan òg nytta tur/returbillett, men det vert ikkje gjeve ytterlegare rabatt.  

3.2 Periodebillettar 

Alle periodebillettar er upersonlege og kan nyttast av fleire, men dei kan berre nyttast av ein person om gongen. Personen som nyttar billetten må kunne framvise billett og tilfredsstille krav til alder og rabattar.  

Ved reiser utover dei sonene ein har gyldig periodebillett for, må ein kjøpe enkeltbillett. Ein betalar for dei soner ein ikkje allereie har billett for.   

3.2.1 Periodebillett båt 

7-, 30- og 180- dagarsbillett gjeld for eit uavgrensa tal reiser på ei bestemt strekning med båt.  
Periodebillettar er tilgjengeleg for vaksen, barn, student, honnør.  

Maksimum pris for 7-, 30- og 180- dagarsbillett går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen.  

3.2.2 Periodebillett buss/båt – kombinasjonsreiser  

Periodebillett buss/båt gjeld i 7, 30 eller 180 dagar for eit uavgrensa tal reiser med buss/bybane/Askøyruta innanfor ein eller fleire soner pluss på ei bestemt strekning med båt (båtruter for Sunnhordland, Nordhordland og Austevoll).  

Periodebillett buss/båt er tilgjengeleg for vaksen, barn, student og honnør ved bruk av Skysskortet.   

3.2.3 Ungdomsbillett – 16 til og med 20 år 

30-dagars ungdomsbillett kan nyttast frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 21 år. Elevar i den vidaregåande skole som ikkje er fylt 16 år kan òg kjøpe billetten, men må dokumentere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skulen.   

30-dagars ungdomsbillett gjeld i heile Vestland på følgjande transportmiddel:  

  • Lokale bussruter (Skyss og Kringom)  

  • Bybuss Førde og Florø 

  • Kringom Flybuss (ikkje Flybussen i Bergen) 

  • Bybanen i Bergen 

  • Skyss båtruter  

  • Fjord1 og Norled sine ferje- og båtruter i Sogn og Fjordane 

  • Ekspressbussar  

  • Fjordekspressen mellom Bergen – Ostereidet – Matre – Haugsvær, men ikkje på lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. Gjeld internt i Hordaland og på fylkeskryssande reiser 

  • Haukeliekspressen mellom Odda – Røldal – Etne 

  • Øst-Vest ekspressen til/frå den tidlegare fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane 

  • Kystbussen til/frå Haugesund 

  • Alle Vy og NOR-WAY sine ekspressruter i Sogn og Fjordane (ikkje private turistruter) 

  • Fram sine ruter i Sogn og Fjordane 

  • Tog mellom Bergen og Vieren (Vossebanen) 

  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland. 

  • Skyss sine “Trygt heim”-ruter (Hordaland)  

Ved reiser på andre transportmiddel enn Skyss sine, må kvittering for gyldig billett visast fram ved kontroll. 

4. Rabattar

4.1 Vaksen  

Gjeld personar frå fylte 16 år.   

4.2 Barn  

Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon.   

4.3 Honnør  

Honnørreisande får om lag 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltbillettar og periodebillettar. Rabatten gjeld:  

a) Personar over 67 år  

b) Uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd  

c) Blinde 

 
Ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pkt. a), b) eller c), får 50 prosent rabatt på enkeltreiser.  

Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimere seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syne bevis frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syne bevis frå blindeforbund. Døvblinde syner eige tilleggsbevis.  

Retten til honnørrabatt for mottagere av uføretrygd omfattar både personar med minst 50 prosent uføretrygd frå den norske Folketrygden og EØS-borgarar med ein varig lovfesta trygdeytelse basert på minst 50 prosent uføretrygd frå ein offentleg trygdeordning i eit anna EØS-land, tilsvarande norsk Folketrygd. 

EØS-borgarar med ein trygdeytelse frå eit anna EØS-land som beskrive ovanfor, skal løyvast honnørkort på lik linje med personar med minst 50 prosent uføretrygd frå den norske Folketrygda. Honnørkort utskrive av NAV gir rett til honnørrabatt.  

4.4 Følgjesvein (ledsager) 

Ledsagar til funksjonshemma person, som kan visa fram følgjekort, reiser fritt saman med funksjonshemma person på enkeltbillett. Det er ikkje krav om særskild billett for følgjesvein. 

4.5 Student 

Studentar/lærlingar/elevar t.o.m. 29 år får 40 prosent rabatt på periodebillettar.  Studentrabatten gjeld for dei som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule eller universitet og andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studentrabatt vert dessutan gitt til dei som er lærlingar og lærekandidatar på fulltid, og som følgjer krava i lov om opplæring, kapittel 4.   

4.6 Militær 

Vernepliktig mannskap (førstegongsteneste) får om lag 50 prosent rabatt på ordinær pris vaksen på enkeltreiser.  

Rabatten gjeld for den tenesteperiode som er påført Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID). FD-ID tener som bevis. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som bevis.   

Militærrabatt gjeld òg for personar som avtener sivilteneste. Slik rabatt omfattar berre norske statsborgarar som er knytt til det norske forsvaret eller avtener norsk sivilteneste.  

4.7 Familie 

På lengre strekningar er det sett ein maksimal pris for barn som reiser saman med betalande vaksen på enkeltreiser. Maksimal pris per barn går fram av den til ei kvar tid gjeldande pristabellen og gjeld for inntil fire barn per vaksen.   

4.8 Gruppe 

Det vert gjeve 25 prosent rabatt for vaksne reisande når minst 10 personar reiser saman på enkeltreiser. Barn, honnør, militær og student får ikkje særskild rabatt, men tel med i talet på reisande. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande.  

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.  

5. Reisegods o.l. 

5.1 Barnevogner, rullestolar og ski 

Barnevogner, rullestolar og ski vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.  

5.2 Dyr 

Dyr reiser gratis. 

5.3 Sykkel 

Syklar vert teke med gratis så langt plassen tillèt det.   

6. Refusjonar Skysskortet og Skyss Billett-app

Enkeltbillettar vert ikkje refundert. 7-, 30- og 180-dagarsbillettar båt kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.   

7. Skyss skolekort

Skolekortet kan berre nyttast til to reiser per skuledag mellom heim og skole, av den personen som det er utstedt til. Skolekort for grunnskolen er gyldig frå kl. 05.00 til kl. 19.00, og til kl. 23.00 for vidaregåande skolar. Kortet er gyldig i 10 månader og kan ikkje brukast på laurdagar, søndagar og i skoleferiar.  

Elevar som misser skolekortet må sjølv dekke reiseutgifter fram til dei har mottatt nytt kort. Skolen administrerer skolekorta, og ein må difor kontakte skolen for å få nytt kort. Reglar for skoleskyss går fram av skoleskyssreglementet. Elevar som nyttar Skyss skolekort, må vise gyldig legitimasjon ved billettkontroll.