Båt
Her finn du informasjon om prisar, rabattar og billettypar for alle båtrutene i Vestland.
Leitar du etter informasjon om Askøybåten, Nordhordlandsbåten eller rutene i Florabassenget, finn du prisar og informasjon her. Desse båtrutene har same prisar og rabattreglar som buss og bybane.
Her ser du ein oversikt over endringane frå 1. oktober 2024
Finn pris i pristabellen
I pristabellane under finn du pris for enkeltbillett, tur-retur-billett og periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar.
Prisane gjeld frå 1. oktober 2024.
Det er gratis å ta med sykkel og kjæledyr så lenge det er plass.
Rabattar og aldersgrenser
Her finn du oversikt over kva rabattar og aldersgrenser som gjeld når du skal reise med båt.
Finn den billettypen som passar deg best
Når du skal reise med båt kan du velje mellom enkeltbillett, tur-retur-billett og periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar. Du finn informasjon om billettane, og kvar du kan kjøpe dei, ved å klikke deg inn på lenkene under.
Du kan også kjøpe kombinasjonsbillett for reiser med buss og båt.
Når du skal ha med køyretøy på båt
På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy.
Prisar for køyretøy om bord i båtar
Rabattreglane for køyretøy på båt finn du i Riksregulativet for ferjetakstar.
Under finn du informasjon om prisar for køyretøy på dei ulike båtrutene.
291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
- Her finn du prisane for køyretøy (PDF). Tabellen viser full pris.
292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
- Her finn du prisane for køyretøy (PDF). Tabellen viser full pris.
1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
1190 Vik-Ortnevik
Bestilling av plass til køyretøy på båtar
På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy. Det er avgrensa plass til køyretøy, og du må difor bestille plass på førehand. Du kan bestille plass inntil 4 veker før avgangen. Når du skal ha med bil eller anna køyretøy, må du møte på kaia 10 minutt før avgang for å ikkje miste plassen.
Slik bestiller du plass:
Bestill plass til køyretøy via bestillingskjema på Norled sine nettsider.
Hugs at du må avbestille plassar som du ikkje skal bruke. Bruk lenka du fekk i e-posten med stadfesting av bestillinga di, for å avbestille plassen.
Du kan bestille plass til køyretøy på følgande samband:
- 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
- 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
- 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
- 1190 Vik-Ortnevik
Reglement for prisar og rabattordningar for båt
Informasjon om båtruter i Vestland med andre prisarVi tek atterhald om eventuelle feil i pristabellane.