Hopp til hovedinnald

Du kan bruke Skysskortet på reiser med alle Skyss sine bussar, på båtar i Hordaland, på Bybanen i Bergen og på tog mellom Bergen og Voss.

Du kan også bruke Skysskortet på båtruter i Sogn og Fjordane som er inkludert i sonesystemet (gjeld båtruter i Florabassenget og båtruta Kaupanger Kai-Frønningen).

Billettar til Skysskortet får du kjøpt i nettbutikken. Du bestemmer sjølv kva tidspunkt billetten skal gjelde frå, og har med deg Skysskortet som reisebevis.

Reisepengar på Skysskortet kan ikkje lenger brukast for å kjøpe billett om bord på bussane. Les meir om den "gamle" løysinga for Skysskortet her

Bruk Skysskortet i nettbutikken 

  • Opprett ein konto i nettbutikken, og registrer Skysskortet ditt der. 
  • Kjøp billetten du vil ha i nettbutikken. Hugs å ha med deg Skysskortet når du reiser.
  • Ved billettkontroll viser du Skysskortet og eventuell dokumentasjon dersom du har kjøpt ein billett med rabattert pris (f.eks studentbevis dersom du har kjøpt ein studentbillett). Skysskortet er knytt til kontoen din i nettbutikken, og kontrollørane kan på den måten sjekke Skysskortet for gyldig billett. Du treng ikkje vise Skysskortet eller lese av kortet om bord når du reiser i Hordaland. På reiser med buss i Sogn og Fjordane viser du Skysskortet ditt til sjåføren når du går om bord.

Fleire underbrukarar på same konto
Du kan berre ha eitt Skysskort registrert på deg i nettbutikken. Men du kan også ha Skysskort registrert på underbrukarar på din konto, til dømes til barn eller andre familiemedlemmer. 

Bestill Skysskort

Les meir om nettbutikken her

Har du mista Skysskortet

Dersom du mistar Skysskortet, gjer du følgande:

  • Gå til nettbutikken og slett det aktuelle Skysskortet.
  • Bestill eit nytt Skysskort på skyss.no og registrerer det i nettbutikken. Då kan du bruke det nye Skysskortet på lik linje som det gamle. Medan du ventar på at nytt Skysskort skal kome i posten, må du ha med kvittering frå nettbutikken for å kunne reise dersom du har gyldige billettar i nettbutikken.  

NB: Nettbutikken og appen Skyss Billett er to forskjellige system. Billettar og verdi i appen Skyss Billett-appen er ikkje tilgjengeleg i nettbutikken, og motsett.

Spørsmål og svar om Skysskortet

Etter at du har registrert Skysskortet og huka det av som reisebevis, vil billettane dine bli knytte til Skysskortet. Hugs difor alltid å ta med Skysskortet ditt når du reiser.

Ja, det kan du, men dette er to heilt åtskilde system. 

Hos sjåføren på bussen kan du ikkje få vite kva du har kjøpt i nettbutikken. I nettbutikken kan du berre sjå billettar kjøpte i nettbutikken, og ikkje om du eventuelt har reisepengar igjen.

I ein overgangsperiode vil dei to systema leve side om side, og Skysskortet vil kunne bere billettar frå både nytt og gammalt system.

Sjåføren på bussen vil altså ikkje kunne hjelpe med noko som har med Skysskortet å gjere. Om bord kan du berre kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar. 

Dersom du har registrert Skysskortet i nettbutikken, går du sjølv inn i nettbutikken og slettar det derfrå. Billetten ligg ikkje på sjølve kortet, men i nettbutikken, og det er koplinga til Skysskortet som reisebevis du slettar, ikkje sjølve billetten.

Deretter bestiller du nytt Skysskort. Har du periodebillett kjøpt i nettbutikken, kan du hente kvittering i nettbutikken og bruke denne som reisebevis fram til du får nytt Skysskort i posten.

Har du framleis reisepengar på kortet, kan du sjå her korleis du får refusjon