AutoPASS for ferje
Dei fleste av våre ferjesamband i Vestland nyttar AutoPASS-regulativ. Du betalar berre for køyretøyet, passasjerar reiser gratis. Nokre få samband følger Riksregulativet.
Autopass
For å få rabatt, gjer du følgande:
- Skaff deg ei AutoPASS-brikke hos eit bompengeselskap på - www.autopass.no. Då får du 10 prosent rabatt
- Teikn ein "AutoPASS for ferje"-avtale på www.autopassferje.no og knyt AutoPASS-brikka til ferjeavtalen. Då får du 50 prosent rabatt (40 prosent rabatt for bedrifter).
AutoPASS-rabattordningar og prisar
Med AutoPASS-brikke og ferjeavtale (med forskotsbetaling) får du 50 prosent rabatt på køyretøyet (40 prosent rabatt for bedrift). Dersom du har AutoPASS-brikke i bilen, men ingen ferjeavtale, får du 10 prosent rabatt på køyretøyet. Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller ferjeavtale, betalar du fullpris. El-bil (nullutsleppskøyretøy) har eigne prisar tilsvarande halv pris.
FerryPay – ingen rabatt, men enkel betaling
FerryPay er ei enkel betalingsløysing utan rabattar, og gjeld for køyretøy som ikkje har AutoPASS-brikke eller AutoPASS ferjeavtale. Registreringsnummeret på køyretøyet vert lest av ved ombordkøyring på ferja, og kopla dette opp mot FerryPay-avtalen din. Du betalar automatisk med kreditt-eller debetkort, og slepp å motta faktura med gebyr i posten. Du finn informasjon om løysinga på ferrypay.no
Osterøyferja (Breistein-Valestrand)
Er du busspassasjer på Osterøyferja, er ferja inkludert dersom du har Skyss periodebillett for 7-, 30- eller 180-dagar.
Riksregulativet
Nokre fylkeskommunale samband nyttar Riksregulativet for ferjetakst. Dette er
- Kaupanger-Frønningen (gjeld bil på bilførande båtar)
- Vik-Ortnevik (gjeld bil på bilførande båtar)
- Ortnevik-Måren-Nordeide (gjeld bil på bilførande båtar)
- Florabassenget (gjeld bil på bilførande båtar)
På samband med Riksregulativet for ferjetakst er det betaling både for køyretøy og person.
For å få rabatt på desse sambanda må du ha AutoPASS-ferjekort.
Regulativa som gjeld frå 1. januar 2023: