Hopp til hovedinnald

Bestilling og kjøp av 30-dagars periodekort båt

Du kan bestille periodekort ved å kontakte Fjord1 eller følge lenka under. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du bestiller periodekortet.

Når du har fått periodekortet, kjøper du billett for ein 30-dagars periode om bord i båten. Du må vise legitimasjon når du skal fylle på kortet.

Merk: Du kan ikkje kjøpe periodekort for båt i Sogn og Fjordane i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no.

Om periodekortet for båt
Kringom periodekort for båt i Sogn og Fjordane er personleg, og gjeld for ein vaksen eller eit barn på ei bestemt strekning i 30 dagar.

Periodekortet er gyldig frå klokkeslettet du kjøper ein ny periode og fram til same klokkeslett 30 dagar fram i tid.

Pant og refusjon
Når du kjøper periodekort for båt i Sogn og Fjordane for første gong, betaler du 100 kr i pant for kortet. Når du ikkje skal bruke kortet meir, kan du få panten refundert så lenge kortet er i orden.

Dersom kortet ikkje kan brukast grunna sjukdom, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore brukt, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato. Kontakt Fjord1 for refusjon.