Kva er SkyssBedrift?

SkyssBedrift er ei nettløysing for bestilling av Skysskort og påfylling av reisepengar for bedrifter og offentlege einingar som ønsker å få tilsendt faktura når dei reiser kollektivt.

Søk om å inngå SkyssBedrift-avtale med Skyss HER

  • Fyll ut rett bedriftsinformasjon i søknadsskjemaet. Ver merksam på forskjellen på det juridiske organisasjonsnummeret til bedrifta di og eininga sitt organisasjonsnummer/verksemdsnummer.
  • Søknadar blir behandla av Skyss i løpet av 2 kvardagar. Dersom søknaden blir innvilga, sender vi innloggingsinformasjonen og passordet til e-postadressa du oppgav i søknaden.
  • Du kan no logge inn i SkyssBedrift. 

Logg inn i SkyssBedrift og bestill Skysskort HER

  • Når du loggar inn i SkyssBedrift, får du tilgang til bedrifta si «Mi Side», der du kan lese og redigere bedriftsinformasjon, få oversikt over Skysskort som er tilknytte bedrifta di og bestillingshistorikken.
  • Første gongen du loggar inn, er der ingen Skysskort knytt til bedrifta sin konto. Du bestiller difor Skysskort og fyller på reisepengar. Bedrifta di kan knyte så mange Skysskort de vil til kontoen, og korta blir sende per post til den oppgjevne leveringsadressa.
  • Alle korta bedrifta di bestiller blir registrerte på «Mi Side», slik at de kan fylle på korta seinare og følge med på saldoen.
  • Bedrifta kan halde auge med bestillings- og påfyllingshistorikken sin på «Mi Side». Ved bestilling av nye Skysskort vil det ta rundt ei veke å få dei, avhengig av postgangen. Påfylte reisepengar vil vere tilgjengeleg på Skysskortet seinast innan to kvardagar. Det er difor viktig å fylle på Skysskorta så tidleg som råd når ein planlegg ei reise.

 Frå SkyssBedrift til reise

  • Ta med dykk Skysskortet på bussane våre, på Bybanen og på båtar i hele Hordaland.
  • Kjøp billett hos sjåføren, på automat eller på kundesenteret vårt og betal med bedrifta sitt Skysskort.
  • De kan velje mellom alle Skyss sine billettypar, som de finn informasjon om HER
    Ver merksam på at det er bedrifta sitt ansvar at saldoen på Skysskortet dekker heile reisestrekninga for alle reisande.

Faktura

  • Det blir sendt ut ein faktura med 20 dagars betalingsfrist når de har bestilt nye kort eller fylt på reisepengar.
  • Fakturaen blir send som EHF-faktura dersom bedrifta di er tilknytt denne ordninga, elles blir den send til den oppgjevne fakturaadressa.
  • Fakturaen vil vere merkt med fakturareferansen som er oppgjeven i søknaden.
  • Det vil kome til eit administrasjonsgebyr på 50 kr for kvar faktura. Ver også merksam på at det kjem til ei kortgebyr på 50 kr + mva for kvart Skysskort de bestiller.

Andre spørsmål:

Kan bedrifta mi søkje om SkyssBedrift-avtale?
Alle einingar med organisasjonsnummer kan søkje om SkyssBedrift-avtale.

Kan eg velje mitt eige brukarnamn og passord?
Nei. Bedrifta sitt brukarnamn er eininga sitt organisasjonsnummer/verksemdsnummer, og passordet blir generert når Skyss innvilgar avtalen. De vil få informasjonen tilsend på e-postadressa de oppgav då de søkte om avtale, og de må oppbevare den for framtidig pålogging.

Eg hugsar ikkje passordet til bedrifta sin SkyssBedrift-konto og har ikkje tilgang til e-posten som er tilknytt løysinga.
Dersom bedrifta di gløymer passordet sitt og ikkje har tilgang til e-postadressa som er tilknytt løysinga, må de kontakte Skyss sitt kundesenter. Kontaktinformasjonen finn de HER

Eg skjønar ikkje forskjellen på juridisk organisasjonsnummer og eininga sitt organisasjonsnummer/verksemdsnummer.

Det er svært viktig at de registrerer rett organisasjonsnummer. For ein offentleg barnehage i Bergen vil det juridiske organisasjonsnummeret vere Bergen kommune sitt organisasjonsnummer, medan eininga sitt organisasjonsnummer/verksemdsnummer vil vere barnehagen sitt eige organisasjonsnummer for verksemda.

Alle organisasjonsnummer er registrerte i Brønnøysund. Bruk gjerne datasettet «Underenheter i Enhetsregistreret» for å finne verksemdsnummeret til bedrifta di (som blir kalla organisasjonsnummer) HER

Det er nokre funksjonar som ikkje virker i løysinga. Kva kan vere feil?

Sjekk at du ikkje har for gammal nettlesar. Du må ha: 

Nettlesare

  • Microsoft Internet Explorer - versjon 10 eller nyare
  • Google Chrome Safari - versjon 8 eller nyarere
  • Microsoft Edge
  • Mozilla Firefox
  • Opera - versjon 12 eller nyare

Mobiltelefon og nettbrett

  • Apple Safari på iPhone og iPad med iOS 9 eller 10
  • Google Chrome på enheter med Android 5 eller 6
  • Default nettleser på enheter med Android 5 eller 6

Innstillingar

  • Du må ha opna for javascript i nettlesaren
  • For at enkelte innstillingar skal bli huska frå sesjon til sesjon må du ha tillate lagring av informasjonskapslar.