Avtalevilkår

Avtalevilkår SkyssBedrift

1. Innleiande føresegner

1.1. Skyss utferdar produktet SkyssBedrift. Avtalen gjev Kunden rett til å nytte SkyssBedrift reisekonto for å bestille eitt eller fleire Skysskort med reisepengar til bruk som betalingsmiddel for kollektivreiser med Skyss sine bussar, Bybane og båtar i Hordaland.

1.2. Avtalen gjev Skyss rett til å fakturere Kunden løpande for alle bestillingar som Kunden har gjort, i tillegg til kortgebyr og fakturagebyr, til ei fakturaadresse tilknytt Kunden sitt organisasjonsnummer.

1.3. Kunden er sjølv ansvarleg for å administrere sine eigne Skysskort og sikre at saldoen på Skysskort dekker billettprisen for reisestrekninga og talet på reisande. Dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for bruk av SkyssBedrift, Skysskort og reisepengar, kan ein finne på www.skyss.no/bedrift eller telefon 177.

2. Avtaleperiode og oppseiing

2.1. Ein søknad er oppretta når Kunden har akseptert Vilkåra via søknadsskjema på www.skyss.no/bedrift. Avtalen er gyldig når Kunden får ei stadfesting med innloggingsinformasjon frå Skyss.

2.2. Kunden har til ei kvar tid rett til å seie opp Avtalen med Skyss på to månaders varsel. Oppseiinga må gjerast skriftleg til kunde@skyss.no.

2.3. Ved oppseiing av Avtalen kan Kunden be om refusjon for ubrukte reisepengar. Dette må gjerast skriftleg til kunde@skyss.no. Skysskort med saldo som skal refunderast må sendast inn til Skyss.

2.4. Skyss har rett til å heve Avtalen med umiddelbar verknad dersom Kunden vesentleg mislegheld dei forpliktingane som følgjer av Avtalen.

2.5. Skyss kan seie opp Avtalen med Kunden med 2 månaders føregåande skriftleg varsel dersom Skyss sluttar å tilby produktet, endrar produktet vesentleg eller det av andre årsaker blir uaktuelt å oppretthalde Avtalen.

3. Informasjon om produktet SkyssBedrift

3.1. Skyss vil halde all nødvendig informasjon om bruk av SkyssBedrift oppdatert på www.skyss.no/bedrift.

4. Endringar i Avtalen

4.1. Skyss kan gjere endringar og/eller justeringar i Avtalen utan særskilt varsel. Dei gjeldande avtalevilkåra finst til ei kvar tid på www.skyss.no/bedrift. Vesentlege endringar vil bli kunngjorde eller sende skriftleg til Kunden.

5. Personopplysningar

5.1. Skysskort som Kunden har vil vere registrerte på bedrifta, slik at den som nyttar Skysskortet reiser anonymt. Dette er for å dekke krava i personvernlova. Det skal aldri oppgjevast personalia på dei reisande til oss i Skyss. Skyss skal heller ikkje informere Kunden om reisedata, men berre gje slik tilgang til transaksjonar som krevst for rekneskap og revisjon.