SkyssBedrift er ei ny nettløysing for bestilling av Skysskort og påfylling av reisepengar for bedrifter og offentlege einingar som ønsker å få tilsendt faktura når dei reiser kollektivt.
Slik kjem du i gang med den nye nettløysinga:
- Opprett avtale ved å sende søknad i menyen
- Bestill Skysskort med reisepengar på «Mi side»
- Bruk Skysskort til å kjøpe billett hos sjåfør eller på billettautomat, og reis med buss, bybane eller båt
- Faktura vert tilsendt i etterkant av bestilling
Papirrekvisisjoner er ikkje gyldige lenger
Frå 01.05.2017 vil ikkje papirrekvisisjonar vere godkjent som betalingsmiddel på rutebuss og båtruter i Hordaland.