Hopp til hovedinnald

Bybanen vil vere innstilt på kveldstid i perioden 12. juni til 7. juli på grunn av naudsynt vedlikehaldsarbeid i bybanesporet. Stengingane skjer måndag–torsdag og sundagar frå ca. kl. 20.40 til kl. 02.00 perioden. Fredagar og laurdagar køyrer banen som normalt. Det blir sett inn buss for bane på strekninga som er innstilt.

Uventa hendingar kan medføre nausynte endringar i stengeperiode og strekning. Vi oppmodar alle å sjå etter oppdateringar like før planlagt reise.

Oversikt over dato og strekning som er innstilt:

Frå ca. kl. 21.00 og ut dagen vil Bybanen vere innstilt mellom Mårdalen og Råstølen. Bybanen køyrer som normalt på strekninga Bergen lufthavn-Råstølen og Mårdalen-Byparken.
Det blir sett inn buss for bane i skytteltrafikk mellom Mårdalen og Birkelandsskiftet. 

Merk:

  • Det vil ikkje køyre buss for bane til/frå Råstølen. Reisande frå Bergen lufthavn som skal vidare mot Lagunen/Nesttun/Bergen må byte til buss for bane ved Birkelandsskiftet terminal.
  • Reisande frå Råstølen kan reise med linje 22 til Lagunen eller ta linje 22 til Dolvik terminal og byte til 50E/51 til Bergen sentrum. 
  • Reisande til Råstølen må ta buss for bane til Birkelandsskiftet terminal og bytte til bybane mot Råstølen. 

Siste avgang som køyrer normal trasé måndag-torsdag 28.-30 juni:

  • Frå Byparken kl. 20.22 med ankomst Bergen lufthavn kl. 21.05.
  • Frå Bergen lufthavn kl. 20.41 med ankomst Byparken kl. 21.24.

Avgangar før dette køyrer som normalt.

Informasjon om buss for bane og andre reisealternativ finn du her

Frå ca. kl. 20.50–01.30 (neste dag) vil Bybanen vere innstilt mellom Lagunen og Birkelandsskiftet. Bybanen køyrer som normalt på strekningane Bergen lufthavn–Birkelandsskiftet terminal og Byparken–Lagunen. Det blir sett inn buss for bane i skytteltrafikk på strekninga som er innstilt. I tillegg køyrer buss for bane heilt til Bergen lufthavn for å unngå ventetid på Birkelandsskiftet terminal. 

Siste avgang som køyrer normal trasé sundag 3. juli:

  • Frå Byparken kl. 20.20 med ankomst Bergen lufthavn kl. 21.03.
  • Frå Birkelandsskiftet terminal kl. 20.44 med ankomst Byparken kl. 21.24.

Avgangar før dette køyrer som normalt.

Siste avgang som køyrer normal trasé måndag 4. juli:

  • Frå Byparken kl. 20.12 med ankomst Bergen lufthavn kl. 20.55.
  • Frå Birkelandsskiftet kl. 20.44 med ankomst Byparken kl. 21.24.

Avgangar før dette køyrer som normalt.

Informasjon om buss for bane og andre reisealternativ finn du her.

Frå ca. kl. 21.00 og ut dagen vil Bybanen vere innstilt mellom Råstølen og Bergen lufthavn. Bybanen køyrer som normalt mellom Byparken og Råstølen. Det blir sett inn buss for bane i skytteltrafikk mellom Lagunen og Bergen lufthavn.

Merk: Reisande som skal vidare mot Sandsli/Birkelandsskiftet/Bergen lufthavn må byte til buss for bane på Lagunen då det ikkje går buss for bane frå Råstølen

Siste avgang som køyrer normal trasé tysdag og onsdag 5. og 6. juli:

  • Frå Byparken kl. 20.12 med ankomst Bergen lufthavn kl. 20.55.
  • Frå Bergen lufthavn kl. 20.51 med ankomst Byparken kl. 21.34.

Avgangar før dette køyrer normal trasé.

Informasjon om buss for bane og andre reisealternativ kjem her. 

Frå ca. kl. 21.00 og ut dagen vil ikkje Bybanen bruke haldeplass Bergen lufthavn. Bybanen køyrer som normalt mellom Byparken og Kokstadflaten. Det blir sett inn buss for bane i skytteltrafikk mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthavn.

Siste avgang som køyrer normal trasé torsdag 7. juli:

  • Frå Byparken kl. 20.12 med ankomst Bergen lufthavn kl. 20.55.
  • Frå Bergen lufthavn kl. 20.51 med ankomst Byparken kl. 21.34.

Avgangar før dette køyrer som normalt.

Informasjon om buss for bane og andre reisealternativ kjem her. 

Publisert:

Oppdatert: