Avvik i kollektivtrafikken
Her finn du informasjon om avvik, forseinkingar og endringar i tilbodet vårt. Dersom du brukar reiseplanleggaren finn du dei same driftsmeldingane der.
Aktive avvik
Fløyfjellstunnelen varsla stengd frå kl. 22.00
Fløyfjellstunnelen er varsla stengd i retning mot Åsane/Knarvik kl. 22.00-05.30 på grunn av vedlikehaldsarbeid. Omkøyring via sentrum kan føre til forseinkingar.
NB! Ikkje av-/påstiging utanom ordinær trasé.
Gyldig til: 07.11.25 05.30
Sist oppdatert: 06.11.25 07.15
Glaskar- og Selviktunnelen varsla stengd frå kl. 21.00
Glaskar- og Selviktunnelen er varsla stengd kl. 21.00–05.30 i retning mot Åsane/Knarvik på grunn av vedlikehaldsarbeid. Omkøyring via Ervikvegen kan føre til forseinkingar.
Haldeplass Eidsvåg E39 blir ikkje brukt medan vegen er stengd. Bruk haldeplass Eidsvåg i Ervikveien.
Linje 27: Haldeplass Tertneskrysset E39 blir ikkje brukt medan vegen er stengd. Bruk haldeplass Tertneskrysset.
For kart, trykk her.
Gyldig til: 07.11.25 05.30
Sist oppdatert: 06.11.25 07.13
Haldeplass Klyve kryss mot Øystese stengd frå 27. oktober
Frå mandag 27.oktober vil haldeplass Klyve kryss retning Øystese vere stengd på grunn av vegarbeid. Dette gjeld i ca. to månader.
Alternativ haldeplass er Fyksesund aust.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 06.11.25 00.45
Ruteendring frå 10. november
Nokre endring i rutetider frå måndag, 10. november. Oppdaterte rutetider finn du i reiseplanleggeren, oppdatert rutetabell finn du her.
Gyldig til: 12.11.25 15.30
Sist oppdatert: 05.11.25 15.49
Haldeplass Sletten senter D flytta
Haldeplass Sletten senter perrong D er flytta om lag 100 meter mot Slettebakken skule.
Gyldig til: 16.11.25 15.40
Sist oppdatert: 04.11.25 14.43
Innstilte turar frå 3. november
Eidslandsvegen ved Hesjedalsfossen bru er periodevis stengd frå 3. november på grunn av vegarbeid. Dei fleste bussavgangane skal køyre som normalt, men det vil bli endringar for nokre turar:
- Avgang kl. 09.15 og 10.53 frå Dale til Eidslandet er innstilt.
- Avgang kl. 09.50 og 11.10 frå Eidslandet til Dale er innstilt.
- merk! Avgang kl. 12.25 frå Dale til Eidsøyra på tysdagar og fredagar køyrer berre til Hagen, strekninga Hagen-Eidsøra er innstilt. På tysdagar køyrer bussen vidare til Kallestad og Maskevikja.
Endringane gjeld til 21. november.
Gyldig til: 21.11.25 23.00
Sist oppdatert: 31.10.25 15.15
Omkøyring på onsdagar mellom Øystese og Norheimsund
Fv. 5120 ved Mo bru er stengd frå måndag 27. oktober, som medfører forseinkingar for bestillingstransporten på onsdagar. Avgangar vil bli køyrd som normalt, men vil måtte køyre avvikande trasé mellom Øystese-Norheimsund.
Følgande avgangar kan bli forseinka:
| Øystese–Norheimsund | Onsdag | 10.00 |
| Norheimsund–Øystese | Onsdag | 12.30 |
Vegen vil vere stengd i om lag seks-sju veker.
Gyldig til: 15.12.25 14.41
Sist oppdatert: 27.10.25 14.42
Haldeplass Torsvik kryss stengd
Haldeplassane Torsvik kryss er stengd frå 14. oktober på grunn av vegarbeid. Ny haldeplass er ved innkøyring til Husdalen.
Torsvik retning mot Hellesøy blir nedlagd 14. oktober, og Torsvik retning mot Ågotnes er mellombels stengd til 9. november.

Gyldig til: 09.11.25 23.59
Sist oppdatert: 22.10.25 00.45
Haldeplass Svelgen bru flytta
Frå fredag 17. oktober er haldeplass Svelgen bru mot Ågotnes flytta ca. 50 meter lenger nord på grunn av vegarbeid.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 16.10.25 13.28
Forseinkingar mellom Norheimsund–Kvanndal pga. vegarbeid
På grunn av vegarbeid er fv. 47 periodevis stengd ved Laupsa og Fyksesundet. Turer frå Norheimsund til Kvanndal kan bli forseinka og miste ferjeavgang frå Kvanndal til Utne.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 04.09.25 08.35
Haldeplass Ludebryggen flytta
Haldeplassen Ludebryggen i retning mot Bergen sentrum er flytta om lag 100m sør.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 30.08.25 03.00
Utslettevegen stengd
Frå 11. august køyrer alle avgangar via Nysætervegen i begge retningar på grunn av vegarbeid. Utslettevegen er stengd.
Skulebussar mellom Sagvåg og Nysæter køyrer via Åsamyrvegen og snur ved Nysæter ungdsomskule medan arbeidet føregår.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 18.07.25 15.59
Haldeplass Småland flytta
Haldeplass Småland, i retning mot Lonevåg, er flytta 100-150 m i retning mot Valestrand.
Haldeplassen er mellombels flytta i ca. tre måneder på grunn av vegarbeid.

Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 25.06.25 14.02
Haldeplass Sævareid kryss flytta
Frå måndag 19. mai vil det ikkje vere mogleg å bruke haldeplass Sævareid kryss, retning Kilen/Eikelandsosen på grunn av vegarbeid. Dette gjeld inntil vidare.
Alternativ haldeplass ved rundkøyring i Sævareidvegen.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 23.05.25 00.40
Michael Krohns gate stengd
Michael Krohns gate er stengd frå måndag 3. mars. Gaten blir stengd i ei lengre periode og dette fører til endra rute for linje 13, 20 og 85 (servicelinjen).
Sjå korleis endringane blir for linja di:
Linje 13
Haldeplassane "Lien sør" og "Michael Krohns gate" vil ikkje vere i bruk. Linje 13 skal bruke nye haldeplassar i Damsgårdsveien, "Kronviken" og "Damsgårdsveien nr. 39".
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 20
Linje 20 vil få ny trasé.
- I retning frå Storavatnet vil den køyre over Puddefjordsbroen og gjennom Nygårdstunnelen mellom Gyldenpris og Danmarks plass. Haldeplassane "Gyldenprisveien", "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør", "Solheimsviken" vil ikkje vere i bruk. På Gyldenpris vil bussen betjene haldeplassen "Gyldenpris Nord".
- I retning frå Nesttun vil bussen køyre gjennom Nygårdstunnelen, over Puddefjordsbroen og deretter bruke haldeplassen "Gyldenpris Nord". Haldeplassane "Solheimsviken", "Lien sør", "Lotheveien" og "Gyldenprisveien" vil ikkje vere i bruk.
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 85
Linje 85 vil få ny trasé.
- Frå Gyldenpris til Danmarks plass vil linja køyre over Puddefjordsbroen og Nygårdstunnelen. Bussen stoppar ikkje på haldeplassane "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør" og "Solheimsviken".
- Frå Danmarks plass mot Gyldenpris køyrer linja via Damsgårdsveien. Linja stoppar på haldeplass "Solheimsviken", køyrer deretter Damsgårdsveien og stoppar på dei to mellombelse haldeplassane der før den køyrer opp igjen i Michael Krohns gate og stoppar på haldeplass "Lotheveien".
Sjå oppdatert rutetabell.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 24.02.25 09.43
Omkøyring pga. stengd veg
Gate 1 er stengd og bussar køyrer via gate 2.
Bussar som har korrespondanse med båtar frå Måløy kai køyrer innom Torget og Torghopen. Andre lokale bussavgangar køyrer via hovudvegen.
Haldeplass Spiralen er ikkje i bruk medan vegen er stengd.
For større kart, trykk herGate 1 har vore stengd sidan 30. september 2024.
Berørte linjer: 100, 120, 121, 122, 123, 150, 160
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 27.09.24 15.17
Utgåtte avvik
Forseinkingar pga. vegarbeid
Det er forseinkingar på fleire avgangar på grunn av vegarbeid på Drange.
Gyldig til: 06.11.25 22.10
Sist oppdatert: 06.11.25 17.11
Avgang kl. 21.00 frå Bergen busstasjon stoppar ikkje i Eidsvåg
I samband med vegarbeid og utbetring av Selvik- og Glaskartunnelen vil ikkje avgang frå Bergen busstasjon kl. 21.00 kunne stoppe ved haldeplass i Eidsvåg i retning mot Odda.
Dette gjelder alle kveldar tunnelen er nattestengd frå kl. 21.00.
Vi anbefalar reisande å bruke alternativ haldeplass frå Bergen busstasjon, Handelshøyskolen eller Åsane terminal på denne avgangen.
Merk: For å unngå forseinkingar til Hardanger vil bussen sleppe gjennom tunnelen, men utan moglegheit til å stoppe i Eidsvåg.
Gyldig til: inntil vidare
Sist oppdatert: 14.10.24 13.10