Om mobilitetseininga i Vestland

Publisert: 16.12.2019 Oppdatert: 16.12.2019

Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Mobilitetseininga skal sikre at vedtekne strategiar og tiltak blir sette i verk for å nå dei politiske måla.

Skyss har ansvar for tilbodet i området Hordaland, medan Kringom har ansvaret i Sogn og Fjordane. Prisane, sonene, betalingsløysingane og rutetilbodet er uendra.

Mobilitetseininga skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet og tilby tenester for kombinert mobilitet i Vestland.

Hovudoppgåvene er å:

  • planlegge linjenett og rutetilbod
  • planlegge skuleruter og koordinere skuleskyss
  • ta ansvar for informasjon og marknadsføring av tilbodet
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer i Vestland gjennom anbodskonkurransar
  • gi kundeservice og ruteopplysning
  • vere eit samlande kompetanseorgan for kollektivtrafikk i fylket
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester som t.d. bysyklar i Skyss Reise-appen

Kva skjer framover?

I 2020 skal vi arbeide med integrerte og felles løysingar for kundane i heile det nye fylket. Til dømes blir det jobba med felles nettside, utvikling og harmonisering av kjøpskanalar og reiseplanleggar. Det vil også bli arbeidd med samordning og utvikling av det samla rutetilbodet og prisstrukturen i Vestland.

Slik reiser du kollektivt i Vestland

For området Hordaland - Skyss.no 

For området Sogn og Fjordene - Kringom.no

Skuleskyss

På Skyss.no og Kringom.no finn du alt du treng å vite om skuleskyss for områda Hordaland og Sogn og Fjordane i Vestland.