Viktig informasjon om koronatiltak for skoleskyss

Oppdatert 8. juni 2020

I dei oppdaterte smittevernrettleiarane for skolar er det gjort tydeleg at elevar frå same gruppe (klasse) eller frå same hushaldning kan sitte saman. Dette gjeld også på vanleg kollektivtransport, så lengje det er snakk om reise til eller frå skolen. Desse oppmykingane er gjort for å sikre at transporten ikkje er eit hinder for at elevane skal kome seg på skolen.

Sidan elevar frå same klasse kan sitte saman vil dette medføre at vi no kan frakte fleire elevar enn tidlegare. I praksis kan alle setane nyttast (også dei setane som er merka med plakat om at ikkje skal nyttast), så lenge ein kan sitte saman med ein frå same klasse. Bussoperatørane er informert om at elevar ikkje skal bli køyrt forbi, for å sikre at alle elevar kjem seg til skolen.

Skoleskyssen vil gå med det vanlege rutetilbodet fram til sommarferien, men noko ekstra supplering enkelte stader. Vi gjer alt vi kan for å sikre ei trygg og smittefri reise, og har tett dialog med kommunar og skolar.

For resterande reisande gjeld framleis dei generelle reiseråda om å unngå å reise kollektivt dersom dei har alternativ. Vi ber difor alle som kan, om å reise på andre måtar eller å fortsetje med heimekontor. 

Smittevern for skoleskyss 
Veileder om smittevern for skolane under covid-19 utbruddet 2020 inneheld følgjande føringar for transport og skoleskyss:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen avgrensast der det er mogleg.
  • Ved bruk av offentleg transport, bør elevane halde avstand til andre.
  • Skoleturar som inneber tett ansamling av elever i store grupper og på offentlege transportmiddel bør avgrensast.
  • Skoleskyss: Elevar bør sitte på annankvart sete. Elevar frå same hushaldning eller same kohort kan sitte saman. Det kan også bli gjort lokale vurderingar.
  • Elevane må halde avstand mens dei venter på bussen/anna transportmiddel.

Skoleskyss med drosje
Skyss/Kringom har sett følgjande retningslinjer som gjeld for tilrettelagt skoleskyss utført med drosje:

  • Dersom det ikkje er moglegheit å leggje til rette for avstand mellom dei reisande i bilen, vil ein forsøke å samkøyre elevar frå same klasse. Det kan likevel vere turar der elevane blir samkøyrt med andre elevar, for å sikre at alle elevar kjem seg til/frå skulen.
  • Hyppige berørte flater blir reingjort mellom kvar tur.
  • Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje nytte skoleskyssen.
  • Det kan bli endringar transportopplegget og andre hentetider enn normalt. Hentetider vil vere cirka-tider, og det vil kunne bli forseinkingar.
  • Berre elever som har drosjeskyss på grunnlag av medisinsk behov vil få drosje i samband med opphald på SFO.

Restriksjonar knytt til betaling/kjøp av billett

Kontakt oss
Har du tilbakemeldingar eller spørsmål kan du kontakte skolen eller Skyss på skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70, tasteval 2 – skoleskyss.

Oppdatert 8. juni 2020