Informasjon om smitteverntiltak for skoleskyssen

Smittevernstiltak for skoleskyssen 

Skyss følgjer til ei kvar tid dei nasjonale råda som gjeld smittevern for skoleskyssen. I rettleiarane for smittevern i skolane er det sett ulike retningsliner for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande trinn ut frå kva nivå skulen har i ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå. 

Retningslinene for smittevern vil difor kunne variere mellom kommunar ut frå kva nivå lokale smittevernmynde har vedtatt for kommunen.

Skyss har dialog med skoleeigarar

Skyss har dialog med skoleeigarane om kva nivå som er vedtatt for dei enkelte kommunane, og kva konsekvensar dette har for skoleskyssen.

Ein må rekne med at det tar noko tid frå det blir gjort vedtak om endring av nivå i ein kommune, til naudsynte tiltak er sette i verk for skoleskyssen.

Nærare om retningsliner på gult og raudt nivå

Følgjande retningsliner gjeld for skoleskyss på gult nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Ved bruk av offentleg transport bør elevane halde avstand til andre
  • Skoleturar som inneber tett samling av elevar i store grupper og på offentlege transportmiddel bør avgrensast
  • Elevar som er avhengige av skoleskyss, kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skolen. Elevar kan sitje  saman på bussen, men bør halde avstand til andre reisande. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mogleg grad.
  • Elevane må halde avstand medan dei ventar på bussen/anna transportmiddel
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind. 

Følgjande retningsliner gjeld for transport og skoleskyss på raudt nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Ved bruk av offentleg transport bør elevane halde avstand til andre
  • Skoleturar som inneber tett samling av elevar i store grupper og på offentlege transportmiddel bør unngåast  
  • Skoleskyss: Elevar bør sitje på anna kvart sete. Elevar frå same hushald eller same kohort kan sitje saman. Det kan bli gjort lokale vurderingar i samråd med lokale helsemynde.                           
  • Vidaregåande trinn: Berre elevar frå same hushald kan sitje saman
  • Elevane må halde avstand medan dei ventar på bussen/anna transportmiddel
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind. 

Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje reise med skoleskyssen. Dette gjeld sjølv ved milde sjukdomssymptom.

Retningslinene over gjeld også for skoleskyss med drosje.

Bruk av munnbind i skoleskyssen

Merk at påbodet om bruk av munnbind for kollektivreisande i Askøy, Alver, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommune også gjeld for skoleskyssen. Påbodet om å bruke munnbind gjeld i situasjonar der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand. Unnatak er barn under ungdomsskolealder og personar med psykisk utviklingshemming.