Reisegaranti

Reisegarantiskjema

Reisegarantien forpliktar oss til å gjere vårt beste for at du skal kome fram i rett tid. Dersom det likevel skulle oppstå forseinkingar eller andre former for svikt i kollektivtilbodet, vil vi: 

  • Gje deg best mogleg informasjon om kva som skjer
  • Så tidleg som råd gje deg informasjon om alternative transportmåtar/vegar
  • I den grad det er praktisk mogleg, setje opp alternativ transport

Vi vil alltid gjere vårt beste for å lære av feila våre og unngå at dei skjer igjen. Dersom vi ikkje kan tilby alternativ transport, vil vi refundere dokumenterte utlegg du har hatt til drosje og/eller eigen bil eller annan alternativ transport dersom du blir meir enn:

  • 20 minutt forseinka på reiser under 1 time, opptil 550 kroner
  • 40 minutt forseinka på reiser mellom 1 og 3 timar, opptil 825 kroner
  • 60 minutt forseinka på reiser over 3 timar, opptil 1100 kroner

På reiser over tre timar vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting dersom forseinkinga fører til at du ikkje kjem fram dit du skal før dagen etter.

Pass på at du brukar gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det gjeld ofte eigne rutetabellar i samband med høgtidsdagar og feriar.

For å gjere eit krav gjeldande må du levere eit reisegarantiskjema eller ein skriftleg førespurnad seinast ein månad etter hendinga. Vi vil svare på førespurnaden din snarast råd og seinast ein månad etter at vi har fått den.

Når gjeld garantien?
Retten til refusjon gjeld ved alle avvik som ikkje er annonserte på førehand. Refusjonen gjeld andre rutetilbod, drosje eller eigen bil* . Dersom du veit at du vil vere godt hjelpt med eit anna rutetilbod bør du bruke det, i tillegg til drosje.

Reisegarantien gjeld for enkeltreiser og når du har overgang i reisene dine. Du må rekne lang nok overgangstid i tillegg til nødvendig gangtid dersom det ikkje er fast korrespondanse.

Reisegarantien gjeld ikkje dersom det er 20 minutt eller mindre til neste avgang etter rutetabellen. Reisegarantien gjeld heller ikkje dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast tilhøve utanfor vår/transportøren sin kontroll, slik som:

  • Offentlege påbod og forbod, streik og liknande
  • Naturkatastrofar
  • Ekstraordinære vêrtilhøve (t.d. kraftig snøfall, ras, flaum eller eksepsjonelt glatt vegbane)
  • Vegarbeid eller uventa problem med køyrevegen
  • Store arrangement eller andre trafikale tilhøve som påverkar kollektivtrafikken i stor grad

Reisegarantien dekker heller ikkje følgjeskadar av forseinkinga, t.d. om du ikkje rekk ein tannlegetime, forretningsavtale eller flyavgang.

Vi gjer óg merksam på at det ikkje er plassgaranti på Skyss sine avgangar. 

Reisegarantien er ei nasjonal ordning som er utarbeidd av «Kollektivtrafikkforeningen»  og «Transportbedriftenes Landsforening» . 

* Ved refusjon av kilometergodtgjersle kan sjåføren berre sende inn krav dersom fleire reiser saman. Refusjonen gjeld berre kilometergodtgjersle, ikkje bompengar og parkering.