Avgangsvising

Teneste: Vis avgangsinformasjon på eigen skjerm. 

Skyss tilbyr ei løysing for å enkelt vise avgangsinformasjon på skjerm eller nettside. Vi vil gjere det endå lettare å vise relevant ruteinformasjon, og tilbyr ein heilt ny teneste du kan setje opp sjølv.

På ei eiga side for oppsett, vel du kva haldeplassar og linjer som skal visast. Visinga vert tilpassa PC, telefon, nettbrett, TV-skjerm eller storskjerm.

No kan bedrifter, institusjonar og andre betene kundane eller tilsette med oppdatert informasjon når kollektivtrafikken kjem og går ved deira bedrift. Det kan være på ein skjerm i foajéen eller anna egna stad. 

For at teksten med avgangsinformasjon skal bli lettast mogleg å lese, kan du velje mellom to alternativ for fargar på tekst og bakgrunn. 

Her finn du ei detaljert rettleiing til løysinga 

Her er link til sjølve løysinga

Slik kan avgangsinformasjonen sjå ut etter at du har valt ditt eige oppsett: