Skoleskyss - ofte spurde spørsmål

SKYSSRETT

Kor lang veg må eleven ha mellom heim og skole for å ha rett til skoleskyss?

Elevar i 1 klasse må ha minimum 2000 meter mellom heim og skole og elevar i 2-10 klasse må ha minimum 4000 meter.

Elevar i vidaregåande skole må ha minimum 6000 meter. Dersom desse bur i ei ungdomskortsone og er mellom 16-20 år, må dei i staden kjøpe ungdomskort.

Kvifor har eleven fått avslag i år, når eleven hadde skyss i fjor?

Vedtak om skoleskyss gjeld berre for eit skoleår om gongen. Søknad om skoleskyss vert handsama på nytt kvart år. Ei grunn kan vere at saka har endra seg med omsyn til alder, bytte av skole, flytting og kontrollmåling av avstand. Om eleven eller føresette meiner at det er gjort feil i saka, kan du klage. Klage må skje skriftleg. 

Eleven har fått avslag på søknad om skoleskyss fordi eleven bur utanfor skyssgrensa. Vi er ueinige i oppmålinga. Kva gjer vi?

Det er den kortaste vegen mellom heim og skole som målast. Ein målar ikkje køyreveg, men den kortaste gangvegen som er open for allmenn ferdsel. Dersom eleven eller føresette er ueinige i oppmålinga, kan du klage. Oppmålinga kan kontrollerast her 
Ved feil i denne oppmålinga, ta kontakt på skoleskyss@skyss.no

Har lærlingar rett til skoleskyss?

Lærlingar vert ikkje rekna som elevar og har difor ikkje rett til skyss etter opplæringslova § 7-2.

Elevar som får sluttopplæring på skole og ikkje i bedrift, framstillast til fag- eller sveineprøva som elevar, har rett til skoleskyss som andre elevar jf. opplæringslova § 7-2. 

Har eleven rett på skoleskyss ved mellombels bustad, fosterheim, institusjon og liknande?

Dersom du har spørsmål om skoleskyss i samband med slike høve, så ta gjerne kontakt på e-post: skoleskyss@skyss.no eller sjå skyssreglementet på skyss.no/skoleskyss.

 

SKOLESKYSS MED BUSS 

Når vert eleven henta om morgonen?

Eleven må vere på haldeplass når bussen passerar. Elevar som reiser med drosje må vere klare til fastsett tid og stad. Det er transportøren som legg opp alle rutetider.

Når går bussen?

Du finner reiseplanleggjar og informasjon om rutetider for rutebuss på www.skyss.no. Du kan også ringe til Skyss kundesenter på tlf. 55 55 90 70 eller til ruteopplysninga i Hordaland på tlf. 177 (samtaler til spesialnummer kan fakturerast ekstra av telefonleverandør).

Eleven har mista/øydelagt busskortet sitt. Kva gjer vi?

Elevar som misser eller øydelegger busskortet, må ta kontakt med skolen for å få nytt skoleskysskort.

 

SKYSS MED DROSJE

Drosja møtte ikkje til fastsett tid eller stad. Kvar kan ein melde frå om dette?

Klager kan ein melde direkte til transportøren som køyrer eleven. Klager må meldast skriftleg, til dømes på e-post. Kopi kan sendast til skoleskyss@skyss.no.

Føresette må reise på jobb seinast kl. 07.30 Kan drosjen kome før det?

Transporten er lagt opp slik at alle elevar skal nå skolestart. Ein tek ikkje omsyn til når føresette reiser på jobb e.l.

Kvifor køyrar drosjen før eleven er ute av huset om morgonen?

Skoleskyss med drosje er eit køyretøy i rute. Eleven må vere klar til avtalt tid og stad. Ein elev vert ikkje normalt henta heime. Eleven vert henta eller sett av på næraste og fastsette haldeplass eller oppsamlingsplass. Særskilt trong for dør til dør skyss av medisinske årsaker, må dokumenterast    saman med søknad om skyss.

I morgon skal eleven til bestemor. Kan drosjen køyre eleven dit etter skolen?

Fylkeskommunen gir berre skoleskyss mellom heimeadresse og skole, og eleven vil difor ikkje få dekka skoleskyss til andre adresser.

Eleven har ei avtale etter skolen. Kan drosjen hente tidligare enn vanleg?

Fylkeskommunen gir berre skoleskyss til vanleg skolestart- og slutt. Føresette må sjølve ordne med transport til fritidsaktivitetar, bibliotek og liknande.

Treng ein skyss til behandling kan ein kontakta Pasientreiser.

Elev, føresette eller skole kan ikkje endra på tida for skyssen, dei kan berre seie den opp.

Klassekamerat eller nabo køyrer drosje til skolen. Kan andre elevar få sitte på i same bil?

Det er berre elevar som har fått vedtak om skoleskyss med drosje som kan vere med i drosjen.

Om du meiner å har rett til skoleskyss med drosje må skolen søkje fylkeskommunen eller kommunen.


Eleven er sjuk og treng ikkje taxi i morgon. Korleis meldast dette?

Kontakt transportøren så snart som mogeleg. Hugs å melde frå om returskyssen om eleven vert sjuk og drar heim frå skolen i løpet av skoledagen.

Kva skjer om eleven vert sjuk i løpet av skoledagen?

Elevar som har skoleskyss med buss, og må reise heim i løpet av skoledagen, kan nytte busskortet sitt. For elevar som reiser med drosje, må transporten heim organiserast på anna vis. Elev, føresette eller skole kan ikkje endra på tidspunkt for skyss med drosje, berre seia den opp. Meld frå at returskyssen går ut, om føresette hentar eleven i løpet av dagen.

Kan eleven få bil åleine i samband med skoleskyss med drosje?

Om eleven står i fare for å skade andre passasjerar eller sjåfør, eller av andre tungtvegande medisinske grunnar ikkje kan køyre i drosje saman med andre elever, må det leverast legeattest som seiar noko om kvifor. Ein vil då vurdera å setje inn følgjeperson. Bil åleine er unnatak frå regelen.

Kan eleven ta med venner heim frå skolen i drosjen eller på bussen?

Det er berre elevar som har fått vedtak om skoleskyss med drosje som kan vere med i drosjen. Ein tek ikkje andre elevar med. Når det gjeld skoleskyss med buss, kan venner kjøpe enkeltbillett om det er plass på bussen.

 

MEDISINSK SKYSS

Kvifor må eg levere ny legeattest kvart skoleår?

Vedtak om skoleskyss er et enkeltvedtak etter forvaltningslova. Enkeltvedtak om skoleskyss gjeld inntil eit skoleår av gongen. Ein må søkje på nytt i forkant av kvart skoleår, og nytt enkeltvedtak vert fatta.

Fylkeskommunen har utredningsplikt når enkeltvedtak vert fatta i samsvar med forvaltningsloven. Dette inneberer at vi plikter å sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg.

Hovudregelen er at alle elevar skal reise til og frå skolen med eit kollektivtilbod. Dette gjeld også elevar med ei funksjonshemming eller skade. Eit eventuelt behov utover dette må dokumenterast.

Ei funksjonshemming/diagnose utløyser i seg sjølv inga rett til skyss. Det er funksjonshemminga si betyding for eleven si moglegheit til å ta seg fram på skolevegen som skal vurderast.

Føresetnader og evner kan endra seg over tid. Oppdatert legeattest må difor leggast ved alle nye søknader om skoleskyss, for at fylkeskommunen får tilstrekkelige opplysningar før ein fattar enkeltvedtak.

VEDTAK

Kva er eit enkeltvedtak? 

Fylkeskommunen og kommunen sine avgjerder om elevane sin rett til gratis skoleskyss er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Vedtak om gratis skoleskyss gjeld for høgst eitt år om gongen.

Vedtaket om gratis skoleskyss kan påklagast etter forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker frå den dagen eleven mottek melding om vedtaket.

Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland er ifølgje opplæringslova klageinstans for elevar i grunnskolen.

Juridisk avdeling i Hordaland fylkeskommune er klageinstans for elevar i videregåande skole.