Ofte spurde spørsmål

  • Kor lang veg må eleven ha mellom heimen og skolen for å ha rett til skoleskyss?

    Elevar i 1. klasse må ha minimum 2000 meter mellom heimen og skolen, og elevar i 2.-10. klasse må ha minimum 4000 meter.

    Elevar i vidaregåande skole må ha minimum 6000 meter. Dersom dei bur i ei ungdomskortsone og er mellom 16 og 20 år, må dei i staden kjøpe ungdomskort.

  • Kvifor har eleven fått avslag i år, når eleven hadde skyss i fjor?

    Vedtak om skoleskyss gjeld berre for eitt skoleår om gongen. Søknadar om skoleskyss vert handsama på nytt kvart år. Ein grunn kan vere at saka har endra seg når det gjeld alder, bytte av skole, flytting og kontrollmåling av avstand. Dersom eleven eller føresette meiner at det er gjort feil i saka, kan du klage. Klager må sendast skriftleg. 

  • Eleven har fått avslag på søknad om skoleskyss fordi eleven bur utanfor skyssgrensa. Vi er ueinige i oppmålinga. Kva gjer vi?

    Det er den kortaste gangbare vegen mellom heimen og skolen som blir målt. Ein måler ikkje køyreveg, men den kortaste gangvegen som er open for allmenn ferdsel. Dersom eleven eller føresette er ueinige i oppmålinga, kan du klage. Du kan kontrollere oppmålinga her 
    Ved feil i denne oppmålinga, ta kontakt på skoleskyss@skyss.no

  • Har lærlingar rett til skoleskyss?

    Lærlingar vert ikkje rekna som elevar, og har difor ikkje rett til skyss etter opplæringslova § 7-2.

    Elevar som får sluttopplæring på skolen og ikkje i bedrift, og som tek fag- eller sveineprøva som elevar, har rett til skoleskyss på lik linje med andre elevar, jf. opplæringslova § 7-2.  

  • Har eleven rett på skoleskyss ved mellombels bustad, fosterheim, institusjon og liknande?

    Dersom du har spørsmål om skoleskyss i samband med slike omstende, må du gjerne ta gjerne kontakt på e-post: skoleskyss@skyss.no eller sjå skyssreglementet på skyss.no/skoleskyss.

  • Kva er eit enkeltvedtak?

    Fylkeskommunen og kommunen sine avgjerder om elevane sin rett til gratis skoleskyss, er enkeltvedtak etter forvaltningslova.

    Vedtak om gratis skoleskyss gjeld for høgst eitt år om gongen.

    Vedtaket om gratis skoleskyss kan påklagast etter forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker frå den dagen eleven mottek melding om vedtaket.

    Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland er ifølgje opplæringslova klageinstans for elevar i grunnskolen.

    Juridisk avdeling i Hordaland fylkeskommune er klageinstans for elevar i videregåande skole.  

  • Når vert eleven henta om morgonen?

    Eleven må vere på haldeplassen når bussen passerer. Elevar som reiser med drosje, må vere klare til fastsett tid og stad. Det er transportøren som legg opp alle rutetider.

  • Når går bussen?

    Du finn reiseplanleggjar og informasjon om rutetider for rutebuss på www.skyss.no. Du kan også ringe til Skyss sitt kundesenter på tlf. 55 55 90 70 eller til ruteopplysninga i Hordaland på tlf. 177 (telefonleverandøren kan fakturere ekstra for samtaler til spesialnummer).

  • Eleven har mista/øydelagt busskortet sitt. Kva gjer vi?

    Elevar som misser eller øydelegg busskortet, må ta kontakt med skolen for å få nytt skoleskysskort.

  • Drosjen møtte ikkje til fastsett tid eller stad. Kvar kan ein melde frå om dette?

    Klager kan ein melde direkte til transportøren som køyrer eleven. Klager må sendast skriftleg, til dømes på e-post. Ein kan sende ein kopi til skoleskyss@skyss.no.

  • Føresette må reise på jobb seinast kl. 07.30 Kan drosjen kome før det?

    Transporten er lagd opp slik at alle elevar skal nå skolestart. Ein tek ikkje omsyn til når føresette reiser på jobb e.l.

  • Kvifor køyrer drosjen før eleven er ute av huset om morgonen?

    Skoleskyss med drosje er eit rutegåande køyretøy. Eleven må vere klar til avtalt tid og stad. Ein elev vert normalt ikkje henta heime. Eleven vert henta eller sett av på næraste fastsette haldeplass eller oppsamlingsplass. Dersom ein elev har særleg trong for skyss frå dør til dør av medisinske årsaker, må dokumentasjon på dette leggjast ved søknaden om skyss.

  • I morgon skal eleven til bestemor. Kan drosjen køyre eleven dit etter skolen?

    Fylkeskommunen gir berre skoleskyss mellom heimeadressa og skolen, og eleven vil difor ikkje få dekt skoleskyss til andre adresser.

  • Eleven har ei avtale etter skolen. Kan drosjen hente eleven tidlegare enn vanleg?

    Fylkeskommunen gir berre skoleskyss til vanleg skolestart og -slutt. Føresette må sjølve ordne med transport til fritidsaktivitetar, bibliotek og liknande.

    Dersom ein treng skyss til behandling, kan ein kontakte Pasientreiser.

    Eleven, dei føresette eller skolen kan ikkje endre på tida for skyssen, dei kan berre seie den opp.

  • Ein klassekamerat eller nabo køyrer drosje til skolen. Kan andre elevar få sitje på i same bil?

    Det er berre elevar som har fått vedtak om skoleskyss med drosje som kan vere med i drosjen.

    Dersom du meiner at du har rett til skoleskyss med drosje, må skolen søkje fylkeskommunen eller kommunen om dette.

  • Eleven er sjuk og treng ikkje taxi i morgon. Korleis skal ein melde frå om dette?

    Kontakt transportøren så snart som mogeleg. Hugs å melde frå om returskyssen dersom eleven vert sjuk og dreg heim frå skolen i løpet av skoledagen.

  • Kva skjer om eleven vert sjuk i løpet av skoledagen?

    Elevar som har skoleskyss med buss og må reise heim i løpet av skoledagen, kan nytte busskortet sitt. For elevar som reiser med drosje, må ein organisere transporten heim på anna vis. Eleven, dei føresette eller skolen kan ikkje endre på tidspunkt for skyss med drosje, berre seie den opp. Meld frå om at returskyssen går ut dersom føresette hentar eleven i løpet av dagen.

  • Kan eleven ta med venner heim frå skolen i drosjen eller på bussen?

    Det er berre elevar som har fått vedtak om skoleskyss med drosje som kan vere med i drosjen. Ein tek ikkje med andre elevar. Når det gjeld skoleskyss med buss, kan venner kjøpe enkeltbillett dersom det er plass på bussen.

  • Kvifor må eg levere ny legeattest kvart skoleår?

    Vedtak om skoleskyss er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Enkeltvedtak om skoleskyss gjeld for inntil eit skoleår om gongen. Ein må søkje på nytt i forkant av kvart skoleår, og då vert det fatta eit nytt enkeltvedtak.

    Fylkeskommunen har utgreiingsplikt når det vert fatta enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber at vi har plikt til å sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg.

    Hovudregelen er at alle elevar skal reise til og frå skolen med kollektivtransport. Dette gjeld også elevar som har ei funksjonshemming eller ein skade. Eventuelle andre behov må dokumenterast.

    Ei funksjonshemming eller ein diagnose i seg sjølv utløyser ingen rett til skyss. Det som skal vurderast, er kva funksjonshemminga har å seie for eleven si moglegheit til å ta seg fram på skolevegen.

    Føresetnader og evner kan endre seg over tid. Ein oppdatert legeattest må difor leggjast ved alle nye søknader om skoleskyss for at fylkeskommunen skal ha tilstrekkelige opplysningar før eit enkeltvedtak blir fatta.

  • Kan eleven få bil åleine i samband med skoleskyss med drosje?

    Dersom det er fare for at eleven kan skade andre passasjerar eller sjåføren eller eleven av andre tungtvegande medisinske grunnar ikkje kan dele drosje med andre elevar, må det leverast legeattest som seier noko om grunnen for dette. Ein vil då vurdere å setje inn ein følgjeperson. Bil åleine er unnatak frå regelen.

Tilbake til hovudsida Skoleskyss