Sanntidsinformasjon

Sanntid betyr oppdatert informasjon om kor tid bussen er forventa å køyre frå haldeplassen. 

Skilt på haldeplass
Skilta viser berekna tid for når bussen vil passere haldeplassen (tel ned frå 14 til 0 minutt). Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid i klokkeslettform (tt:mm). Skilta viser berekna tid for dei bussane som har fått montert sanntidssystem. Alle haldeplasskilt vil bli montert med ein høgtalar kor kundar som ønskjer det kan få lest opp informasjonen som står på skjermen. 

Pågåande utbygging
Til no har vi montert ut over 130 haldeplasskilt og skjermer. Vi har valt ut haldeplassar og terminaler med mange reisande berekna ut frå antall påstigingar og talet på passerande linjer. 

Desse områda har fått montert sanntidssystem i bussane:

  • Fana, Ytrebygda og Os. 
  • Åsane. 
  • Sentrum, Sandviken, Årstad, Fyllingsdalen, Laksevåg og Loddefjord.
  • Nordhordland. 
  • Askøy, Sotra og Øygarden. 

Mann foran sanntidsskilt på bryggen i Bergen.

Sanntidsskilt viser berekna tid for når bussen køyrer frå haldeplassen. 

Mobil 
I 2014 lanserte vi mobilappen Skyss Reise som viser deg avgangstid i sanntid frå busshaldeplassar i områdane nevnt ovenfor. Appen viser òg tidtabell-tider for buss, bybane, båt, ferje og tog i heile Hordaland. I 2016 fekk Skyss Reise også reiseplanleggarfunksjon. Med appen Skyss reise på mobilen vil du enkelt kunne halde deg oppdatert om kor tid buss, båt og bybane går i Hordaland og kan planleggje reisa di. Skyss Reise er tilgjengeleg på iPhone og Android.

Last ned appen gratis i Google Play eller App Store og prøv den! Søk etter "Skyss Reise".