Straume

NB: Parkeringsplassane er skilta. Talet på parkeringsplassar er avgrensa.

Ved kollektivterminalen på Straume på Sotra er det ca. 132 parkeringsplassar tilgjengeleg for deg med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør), sjå kart over. Som bevis på at du har gyldig billett treng du eit oblat i frontruta på bilen din. Oblatordninga gjeld heile døgnet måndag til og med søndag. Maksimal parkeringstid er 20 timar.

Du må ha kjøpt og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort i forkant på buss/Bybanen for at du skal få hente ut parkeringsoblat. Du kan ikkje aktivere billetten på billettautomaten.

Du kan få ut parkeringsoblat på billettautomatane på følgjande måte:

  1. Registrer Skysskortet på billettautomaten
  2. Trykk på knappen «Mitt kort» øverst til høgre
  3. Trykk deretter på knappen «Parkeringsoblat»
  4. Trykk på «Skriv ut Parkeringsoblat»
  5. Parkeringsoblaten plasseres i frontruten på bilen. Oblaten er gyldig i tre dagar lengre enn din billett .
  6. Når din 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) er gått ut på dato, må du først fornye og aktivere billetten før du kan hente ut ny oblat

Du kan òg kjøpe periodebillett i Skyss Billett-app. Du må då få oblat hos kundeservice i Sartor Storsenter, eller på vårt kundesenter.