Straume, Kystbygarasjen

Ved kollektivterminalen på Straume på Sotra er det i Kystbygarasjen 50 parkeringsplassar tilgjengeleg for kollektivreisande. Reglar for denne parkeringsplassen er som følgjer:

  • Du må ha gyldig og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort eller i Skyss Billett-app, samt parkeringsoblat som du enten får på billettautomat (når billetten er aktivert) eller hos kundeservice i Sartor Storsenter.
  • Når du har gyldig og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort eller i Skyss Billett-app og parkeringsoblat, må du skaffe eit parkeringskort hos kundeservice i 1. etasje i Sartor Storsenter. Parkeringskortet har same gyldigheit som parkeringsoblaten din.
  • Innkjøring må skje mandag - fredag mellom kl. 06.00 - 12.00. Utkjøring må skje innan kl. 24.00 same dag.
  • Du kjører til parkeringshuset og registrerer parkeringskortet ditt i automaten ved bommen. Vi gjer merksam på at det er maksimalt 50 bilar som kan parkere gratis på denne parkeringsplassen. Når talet overstiger 50 innkjørte bilar, vil du måtte trykke for vanleg parkeringsbillett, og du må betale for å stå parkert på lik linje med andre parkerande. Det er gratis 2 timer og deretter kr. 11,- per pågeynte 30 minutt.

Opningstider for kundeservice i 1. etasje i Sartor Storsenter er:
Måndag - fredag: 10.00 - 20.00
Laurdag: 10.00 - 17.00