Skogsskiftet

NB: Parkeringsplassane er skilta. Talet på parkeringsplassar er avgrensa.

Ved Skogsskiftet terminal er det 54 parkeringsplassar tilgjengeleg for deg med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) (sjå kart over). Som bevis på at du har gyldig billett treng du eit oblat i frontruta på bilen din. Oblatordninga gjeld måndag til fredag mellom kl 06.00-18.00, ikkje helgedagar. Elles er parkeringsplassane open for alle. Maksimal parkeringstid er 20 timar.

Du må ha kjøpt og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort i forkant på buss/Bybanen for at du skal få hente ut parkeringsoblat. 

Du kan òg kjøpe periodebillett i Skyss Billett-app 

Du kan få oblat på Forland Autosenter, Sartor senter eller på vårt kundesenter.