Laguneparken

På takplanet av parkeringshuset i Laguneveien 15 (via á vis McDonalds) er det 190 parkeringsplassar tilgjengeleg for kollektivreisande. Reglar for denne parkeringsplassen er som følgjer: 

  • Du må ha gyldig og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort eller i Skyss Billett-app, samt parkeringsoblat som du enten får på billettautomat (når billetten er aktivert) eller hos Kundeservice i Lagunen Storsenter.
  • Når du har gyldig og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort og parkeringsoblat, må du skaffe eit parkeringskort hos Kundeservice i Lagunen Storsenter. Parkeringskortet har same gyldigheit som parkeringsoblaten din.
  • Innkjøring må skje måndag - fredag mellom kl. 06.00 - 12.00. Utkjøring må skje innan kl. 22.00 same dag.
  • Du kjører til parkeringshuset og registrerer parkeringskortet ditt i automaten ved bommen. Vi gjer merksam på at det er maksimalt 190 bilar som kan parkere gratis på denne parkeringsplassen. Når talet overstiger 190 innkjørte bilar, vil du måtte trykke for vanleg parkeringsbillett, og du må betale for å stå parkert på lik linje med andre parkerande. Dei to første timane er gratis, deretter kr. 11,- pr påbegynte 30. minutt.

Opningstider for Kundeservice i Lagunen Storsenter er:
Måndag - fredag: 09.00 - 21.00
Laurdag: 09.00 - 18.00