Parkering for kollektivreisande

For å avgrense bruk av privatbil inn til Bergen er det lagt til rette for parkering for kollektivreisande på utvalde stader i nærliggande bydelar og kommunar. Nokre av parkeringsplassane er berre opne for dei reisande som har periodebillettar og parkeringsoblat. Meir informasjon om dette finn du i avsnitta under. 
Her kan du finne ei oversikt over parkeringsplassar utan oblatordning.

Parkering for kollektivreisande med oblatordning
Dersom du har 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) kan du parkere gratis på utvalde parkeringsplassar for kollektivreisande. Som bevis på at du har gyldig billett treng du ein oblat i frontruta på bilen din. Oblatordninga gjeld måndag til fredag mellom kl. 06.00-18.00, ikkje helgedagar. Elles er parkeringsplassane open for alle. Maksimal parkeringstid er 20 timar. OBS! Eigne reglar gjeld for parkeringsplassane i Laguneparken, ved Straume terminal og i Kystbygarasjen på Straume. Les meir om reglane på dei ulike stadene i punkta under.

Parkering for kollektivreisande med oblatordning har vi på følgjande stader: 

Du må ha kjøpt og aktivert 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på ditt Skysskort i forkant på buss/Bybanen for at du skal få hente ut parkeringsoblat. Du kan få hente ut oblat på billettautomat når billetten på Skysskortet ditt er aktivert. Du kan ikkje aktivere billetten på billettautomaten. 

Slik henter du oblat på billettautomat med Skysskort: 

  1. Hold Skysskortet mot leseren
  2. Velg «Mitt kort»
  3. Velg «Parkeringsoblat»
  4. Velg «Skriv ut parkeringsoblat»

Dersom du har problem med å få ut oblat på billettautomat, kontakt oss på vårt kundesenter på Bergen busstasjon, eller hent ut oblat hos ein av våre oblatutstedarar (sjå oversikt under).

Dersom du har 7-, 30-, eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) på mobil, må du hente ut oblat hos Skyss kundesenter eller hos: 

  • Circle K Nesttun
  • Circle K Åsane
  • Lagunen storsenter (kundeservice)
  • Oasen senter
  • Rema 1000 Kuven stasjon (Os)
  • Sartor storsenter (kundeservice)

NB: Vi har ikkje plassgaranti. 

EuroPark utfører parkeringskontrollar på vegne av Skyss.