Setebelte i buss

Du er pålagd å bruke setebelte i dei bussane det er monterte i. Om du kræsjer utan belte, blir du tyngre enn du trur.

Har du ikkje belte på, kan du få gebyr på 1500 kr.

Spørsmål og svar om belte i buss  

Kvifor er det ikkje setebelte i alle bussar?

Det finst tre bussklassar i Noreg og EU-området. Ifølgje nasjonale køyretøyforskrifter er bussar av klasse 2 og 3 pålagt å ha bilbelte. Skyss nyttar ein kombinasjon av bussklasse 1 og 2 i bussdrifta i Hordaland.

I hovudsak er bussklasse 2 best eigna for langkøyring og vert i hovudsak nytta i ruteområda i distriktet. Bussklasse 1 er best eigna for bytrafikk. Desse bussane har ikkje setebelte, og ståplassar er tillete.

Bussar av klasse 1 har fleire ståplassar enn sitjeplassar for å gi plass til fleire passasjerar, og for å gi meir effektiv på- og avstiging. For dei reisande er det ei føremon at det vert brukt effektivt materiell, fordi dette gir eit betre rutetilbod. Kortast mogleg reisetid er ein av dei viktigaste faktorane for at folk skal velje å reise kollektivt. I sentrale deler av Bergen og i nokre andre tettbygde strøk nyttar vi derfor klasse 1-bussar. I randsonene vil det vere bussar av begge typar i bruk. På ein del linjer vil ein derfor kunne oppleve ei blanding av klasse 1 og klasse 2-bussar, der altså berre den eine typen har setebelte.

Klasse 3-bussene har berre sitteplassar med setebelte og opererer på lange strekningar som eksempelvis Bergen-Oslo, Bergen-Stavanger osv. Skyss har ikkje klasse 3-bussar i rutetrafikk.

Kvifor må eg som sit nytte setebelte, medan dei som står ikkje er sikra?
Det er Vegdirektoratet som har ansvar for køyretøyforskriftene, og spørsmål om desse må rettast dit.

Klasse 2-bussane har både ståplassar og påbod om setebelte for dei som sit. Ifølge Vegdirektoratet er dette eit kompromiss mellom omsynet til trafikktryggleik og effektiv avvikling av kollektivtransporten. Alle kan sjå at det er eit paradoks at nokon skal sitje trygt med belte, medan andre står usikra. Men alternativa er at ingen er sikra, noko som jo ikkje er tryggare, eller at det ikkje er lov med ståplassar. Dersom alle reisande skal ha sitjeplass med setebelte, vil det gjøre kollektivsystemet i byområda både mykje dyrare å drive og betydeleg mindre effektivt, fordi på- og avstiging vil ta mykje lengre tid enn det gjer i dag. Eit effektivt kollektivsystem gir fleire kollektivreisande og bidrar til å redusere talet på bilar på vegane, noko som i seg sjølv med på å auke trafikktryggleiken for alle.

Kvifor køyrer bussar utan setebelte og med ståplassar på motorveg?
Alle bussar har lov å køyre på alle vegar. Det at vi har ulike bussar i ulike ruteområde, er definisjonar som Skyss sjølv har gjort. Bybussar (klasse 1) har ei fartsavgrensing på 70 km/t.

Klasse 1 og 2-bussane representerer eit kompromiss mellom omsynet til trafikktryggleik og omsynet til en effektiv avvikling av kollektivtrafikken. Kollektivtrafikk der ein berre nyttar bussar som tilsvarer langdistanse-bussane vil ikkje vere praktisk mogleg.

Kva gjer eg dersom setebeltet i bussen er øydelagt?
Setebelta skal haldast ved like av busselskapa. Dersom du likevel opplever at setebeltet ikkje fungerer, ber vi deg om å gjere bussjåføren merksam på dette. Alternativt kan du melde frå til Skyss med melding om busslinje, tidspunkt og haldeplass.

Kvifor er det ikkje setebelte på Bybanen?
Det er ikkje setebelte i trikk, tog eller bybane nokon stad i verda. Ytterlegare spørsmål om dette må rettast til Jernbanetilsynet, som har ansvaret for regelverket knytt til Bybanen.