Refusjon av periodebillettar grunna Korona-utbrot

Publisert: 18.03.2020 Oppdatert: 18.03.2020

Sidan mange ikkje får nytta periodebilletten sin grunna den spesielle situasjonen er det mogleg å søka om refusjon. Vi refunderer restverdi utan gebyr som følgjer: periodebillett/talet på dagar x talet på attverande dagar. Refusjon vert rekna frå dagen du tek kontakt.

Send oss gjerne opplysningane vi treng gjennom kontaktskjema

Refusjon i Skyss Billett
Refusjon går automatisk via betalingmetoden som blei brukt ved kjøp. For å refundere ein periodebillett i appen Skyss Billett treng vi:

  • telefonnummer

Refusjon som reisepengar på Skysskort
Ved refusjon av periodebillett er det to alternativ. Eit alternativ er at vi kansellerar billetten din og restbeløpet blir refundert til Skysskortet som reisepengar. Pengene er normalt på kortet ditt innen 1-2 veker og kan brukast ved ein seinare aledning. 

For å refundere verdien som reisepengar på Skysskortet treng vi:

  • Skysskortnummeret 

Refusjon frå Skysskort til bankkonto 
Eit anna alternativ er overføring til bankkonto. 
Utbetalingen blir utført av Vestland fylkeskommune, normalt innen to veker. Grunna ekstra stor pågang kan det ta noko lenger tid. 

For overføring til din bankkonto treng vi: 

  • fullt navn
  • fødselsdato
  • folkeregistrert adresse
  • kontonummeret 


Kontaktskjema