Trygg kollektivreise med barn

Informasjon som kan vere nyttig for deg som skal reise med barn. 

Generelt

  • Ver alltid fleire vaksne saman når ei gruppe barn skal ut å reise.
  • Gå ikkje over vegen før bussen eller Bybanen har køyrt.

Haldeplassen

  • Ikkje løp eller leik på haldeplassen/terminalen.
  • Sørg for å bli sett! Både store og små bør nytte refleksvest.

Ombord- og avstiging 

  • Hjelp barna trygt om bord og sørg for at dei kjem seg trygt av igjen. 

Under reisa

  • Pass på at barna held seg unna dørene under reisa.
  • Dersom det er mogleg, bør alle barna ha sitteplass.
  • Ta vare på sekker, jakker og andre ting som de har med på turen.
  • Gje beskjed til barna i god tid før de kjem til endehaldeplass, slik at dei kan forberede seg på at dei skal av.
  • På Bybanen og nokre bussar kan barnevognknappen nyttast dersom det er behov for meir tid.

 

Baby i barnesete i buss.
Nokre bussar har barnesete.