Å reise kollektivt med rullestol

Skyss arbeider for å sikre at kollektivtilbodet er universelt utforma, slik at du fritt skal kunne reise kollektivt også med rullestol.

Alle bussar i Hordaland er likevel ikkje tilrettelagte for rullestolbrukarar. Innanfor Sone A vil det normalt vere uproblematisk å ta bussen med rullestol. Utanfor Sone A er dette fortsatt ikkje tilfelle alle stader.

Dersom du planlegg å reise med buss utanfor Sone A, må du difor sikre deg at bussane som køyrer den aktuelle ruta, er tilpassa rullestolbrukarar. Ta kontakt med vårt kundesenter og sei kvar og når du skal reise, så kan vi finne ut for deg om dette lar seg gjere.

Av omsyn til tryggleiken om bord er det maksstørrelse og -vekt for rullestolar i samsvar med forskrift om universell utforming og Bussdirektivet vedlegg 7. 

Maksstørrelse på rullestol:
Lengde 120 cm
Bredde 70 cm
Totalvekt (inklusiv bruker) 300 kilo   

Også på bussar som er tilpassa rullestol, kan det av og til oppstå problem med plassen. Det kan til dømes vere vanskeleg å få plass til rullestol og barnevogn samstundes. Det er ikkje plassgaranti på Skyss sine avgangar. Vi seier oss lei for at dette iblant kan føre til praktiske utfordringar for deg som brukar rullestol.