Spesielt for buss

Passeringstider på haldeplassar
Rutetider som er oppgjeve viser passeringstider for buss på haldeplassane. Passeringstidene kan avvike noko frå det som er oppgjeve. 

Sanntidsinformasjon
Sanntid betyr oppdatert informasjon om kor tid bussen er forventa å køyre frå din haldeplass. Meir om sanntidsinformasjon  

Gruppereiser
Dersom ei gruppe på 15 personar eller fleire reiser saman med buss må det meldast frå til operatør minst 24 timar før reisa tek til.

Tryggleik
Vi prioriterer tryggleik høgt og ber deg derfor ta omsyn til følgjande råd på våre transportmiddel:

  • Bruk setebelte, påbydd- sjå meir info 
  • Hald barn i handa når dei skal av og på bussen 
  • Set på bremsene på barnevogna (gjeld også rullator og rullestolar) 
  • Hald fast i lause gjenstandar (berepose, ryggsekk eller liknande)
  • Bli sett - bruk refleks
  • Ikkje gå over vegen før bussen har kjørt

Gje tydeleg teikn
Hugs å gje teikn til bussjåføren med handa når du står på stoppestaden. Då oppfattar bussjåføren at du ønskjer å vere med bussen. I tillegg er det lurt å ha Skysskort eller pengar klar.

Mat og drikke  
Nokre bussar i Bergensområdet er skilta med forbod mot mat og drikke om bord.

Rullestol
Skyss arbeider for å sikre at kollektivtilbodet er universelt utforma, slik at du fritt skal kunne reise kollektivt også med rullestol. Meir om å reise kollektivt med rullestol

Mann med setebelte på buss.
Hugs å bruke setebelte.