Spesielt for Bybanen

Praktisk informasjon

  • Det er berekna kort tid på haldeplassane, så du bør gå av og på raskt. Du må sjølv opne dørene med eigne knappar på innsida og på utsida.
  • Døropnarar er merka slik:
    - Svart knapp merka < > brukast når dørene skal ha normal lukketid.
    - Blå knapp forleng tida dørene er opne. Dermed kan reisande med til dømes rullestol, barnevogn eller mykje bagasje få noko lengre tid til avstiging.
    - Grøn knapp merka ”STOP”. Når du trykkjer på denne, vil dørene opne automatisk på neste haldeplass.
  • Når dørene kan opnast, lyser det eit grønt lys over døra. Før dørene går igjen, kjem det eit skarpt lydsignal, og lyset over døra blir raudt.
  • Det er ikkje avfallskorger inne i vognene, så vi anbefaler våre reisande å nytte avfallskorgene på kvar haldeplass.
  • Alle vogner og haldeplassar er video-overvaka.
  • Bybanen er utstyrt med trådlaust nettverk som du kan nytte utan passord.

Les meir om trafikktryggleik her

Kjøp av billett
Sidan det ikkje blir selt billettar om bord på Bybanen, må du kjøpe billett på førehand

Skysskortet 
Skysskortet kan brukast på Bybanen. Har du gyldig billett på Skysskortet ditt, registrerer du kortet på kortlesaren om bord.

Dersom du ikkje har gyldig billett kan du kjøpe ein enkeltbillett på billettautomaten og registrere den på Skysskortet. 

Dersom du ikkje har Skysskort får du ut eit Skyss minikort frå billettautomaten. Både Skysskortet og Skyss minikort registrerast på kortlesaren om bord ved kvar reise.

Kortlesarar om bord
Inne i vognene er det kortlesar ved alle dørene. Registrer Skysskortet eller Skyss minikortet ved ombordstiging (gjeld ikkje for mobilbillett og papirbillett frå bussjåfør).

Bagasje og anna
Barnevogn: Du kan ta med barnevogn gratis på Bybanen.

Hund: Du kan ta med hund gratis på Bybanen. 

Sykkel: Du kan ta med sykkel på Bybanen dersom det er plass. Pris: same pris som barn/honnør.

Bruk ein av dei midtre dørene dersom du har barnevogn, sykkel eller mykje bagasje.

Mat og drikke  
Det er skilta med forbod mot mat og drikke om bord i Bybanen.

Billettkontroll
Du er sjølv ansvarleg for å ha med gyldig reisebevis under heile reisa. Dersom du ikkje kan vise gyldig reisebevis ved kontroll, må du betale eit gebyr på kr 950,- på staden. Ved faktura er gebyret 1150 kroner. Forsøk på forfalsking av reisebevis er straffbart. Forfalskingsgebyret er på kr 1500,-. Ugyldig reisebevis blir inndrege. 

Billettkontroll

Lystavler og høgtalarar

Inne i Bybanen vil namnet på neste haldeplass visast på ei lystavle i taket og annonserast av ei stemme over høgtalar. På kvar haldeplass er det lystavler som automatisk viser noverande og neste avgang.  

Tilgjengelegheit
Bybanen er universelt utforma. Det betyr at så mange som mogleg skal kunne reise med Bybanen uavhengig av funksjonsevne.