Trafikktryggleik

Vis omsyn når du ferdast langs bybanetraseen. Alle gåande, syklande og køyrande har vikeplikt for Bybanen. 

Ei tom bybanevogn som køyrer i 30 km/t vil ha ei bremselengd på om lag 15 meter ved full nedbremsing. I 50 km/t er bremselengda ved slik farebrems om lag 36 meter. Med passasjerar om bord blir bremselengda lengre.

Informasjon til fotgjengarar

  • Kryss berre sporet på anviste stader.
  • Gangkryssingane over sporet kjennast att ved at dei er utført i grått.
  • Ved grøn mann kan du trygt krysse sporet.
  • Har du ikkje grønt lys, har du ALLTID vikeplikt for Bybanen – også i anviste gangkryssingar.
  • All ferdsel i Bybanens trasé er forbode! Dette er for din eigen tryggleik.
  • Ferdsel i traséen kan føre til melding til politiet.
  • Ferdsel i tunnelane er knytt med livsfare! Her held Bybanen høg fart.

Informasjon til syklistar

  • Kryss berre sporet på anviste steder!
  • Alle kryss i traséen kan kjennast att ved at dei er utført i raudt.
  • Gangkryssingane over sporet kjennast att ved at dei er utført i grått.
  • Ved kryssing av traséen: Kryss på tvers av sporet, det vil si mest mogleg vinkelrett på spor. Slik unngår du å få hjulet ned i skinnegangen. Hugs at skinnene er glatte!
  • All ferdsel i Bybanens trasé er forbode! Det kan være fristande å sykle i bybanetraséen, men forbodet er for din eigen tryggleik. Ferdsel i traseen kan føre til melding til politiet.

Informasjon til bilistar

  • Følg trafikklys ved kryssing av bybanetraséen.
  • Der kor det ikkje er trafikklys i krysset, eller dersom desse skulle vere ute av drift, har bilistar ALLTID vikeplikt for Bybanen, i begge retningar, det vil si både frå høgre og venstre side.
  • Køyr IKKJE ut i kryss/planovergang som er markert med raudt, før du er heilt sikker på at du kan kome gjennom krysset. Stopp ALDRI i det raude feltet i vegen der sporet kryssar.
  • All køyring i Bybanen sin trasé er forbode! Køyring og parkering i traséen vil føre til melding til politiet.