Nyttig informasjon

Her finn du informasjon som kan vere nyttig når du skal reise kollektivt i Hordaland.

Sanntid
Sanntid betyr oppdatert informasjon om kor tid bussen er forventa å køyre frå haldeplassen.
Meir om sanntidsinformasjon

Berekn nok tid for overgang
Skal du bytte linje under reisa, må du berekne minst fem minuttar overgangstid pluss ev. gangtid mellom linjene/transportmiddel. Ved fast korrespondanse med buss kor føraren skal vente på ei bestemt linje, er dette ikkje nødvendig.

Bagasje
Du kan fritt ta med handbagasje med samla vekt på inntil 20 kg for kvar billett. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje sjenerer andre reisande eller hindrar på- og avstiging. Du kan også fritt ta med barnevogn, rullestol, hund, ski og liknande dersom det er ledig plass. 

Hittegods
Hittegods for Bergen og omegn oppbevarast ved Bergen busstasjon. For andre områder har kvart enkelt operatørselskap som kjører for Skyss ansvar for å oppbevare ting som er attgløymde på bussen.
Hittegods

Barn
Det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende aleine på reise. 

Barn under 12 år kan ikkje reise aleine med båt, men må ha følgje av ein person over 16 år.

Meir informasjon til deg som skal reise med barn

Transportvedtekter
Transportvedtekter gjeld som avtale mellom Hordaland Fylkeskommune v/ Skyss og kvar enkelt reisande.
Transportvedtekter