Vil du vere med på laget?

Publisert: 23.05.2019 Oppdatert: 29.05.2019

Det er no lyst ut fem nye leiarstillingar i den nye kollektiveininga i Vestland fylkeskommune. Arbeidsstadane er Bergen, Førde eller Leikanger. 

Vil du vere med på å forme Vestland fylke si kollektivverksemd for framtida? Skyss og Kringom slår seg saman til ei ny kollektiveining frå 1.1.2020. Kollektivverksemda skal gjere regionen til ein betre stad å bu og leve ved å arbeide for at kollektive løysingar blir brukte så mykje som råd og for nullvekst i persontrafikken. Vi skal jobbe for eit best mogleg tilbod og best mogleg samanheng mellom buss, bybane, snøggbåt og ferje. Innovative løysingar og digitalisering kan òg integrere sykkel, bildeling og ferdsle til fots. Målet er å bidra til å gjere Vestland fylke betre gjennom eit fossilfritt transporttilbod. Velkomen på laget!

Vi søkjer no etter følgjande:

Leiar for mobilitetstenester - Skyss - Kringom 

Leiar for kundeoppleving - Skyss - Kringom 

Leiar for transporttilbod - Skyss - Kringom 

Leiar strategi og organisasjon - Skyss - Kringom 

Leiar for digitale tenester - Skyss - Kringom 

Søknadsfrist er 5. juni.

Den nye kollektiveininga i Vestland fylkeskommune skal overta oppgåvene som Skyss i Hordaland og Kringom i Sogn og Fjordane løyser i dagens to fylke frå 1. januar 2020. Namnet på den nye eininga er ikkje avgjort.