Vi heiar på miljøvennlege reiser!

Publisert: 14.09.2018 11:36:10 Oppdatert: 14.09.2018 12:37:25

16.-22. september markerer Miljøløftet den europeiske mobilitetsveka. I løpet av denne veka skal vi fylle Bergen med aktivitetar som skal synleggjere fordelane med å reise miljøvennleg.

Mottoet for årets mobilitetsveke er "Vel rett reisemiks".  Vi slår eit slag for å kombinere transportformene slik at du kjem deg fram raskast, billigast og mest miljøvennleg. 

Og bergenserane er flinke! Tala syner at det blir fleire grøne reiser, færre bilar inn til sentrum og betre byluft:

  • Biltrafikken inn mot sentrum er blitt 6 prosent lågare frå 2015 til 2017
  • Biltrafikken inn mot sentrum er 20 prosent lågare enn i 1990
  • Talet på kollektivreisande i Bergen er nær dobla frå 2010 til 2017
  • Målingane av luftkvaliteten synte rekordlågt innhald av nitrogendioksid i 2017. Målestasjonen på Danmarksplass syner
    eit årsgjennomsnitt på 34,7 μg/m3. Dette er den lågaste registreringa på Danmarksplass sidan 2002, og er ein nedgang på
    14,5 % samanlikna med 2016.

Bysyklane er det nyaste tilskotet til satsinga på miljøvennlege reiser. Sidan dei 200 første syklane kom i juni og fram til no, har bergensarane hatt nesten 55 000 sykkelturar på bysykkel. Det kallar vi ein suksess, og vi ser med glede at fleire brukar bysykkelen i reisemiksen sin! 

I løpet av mobilitetsveka skal vi mellom anna påskjøne mange av dei som reiser miljøvennleg, gi gratis sykkelservice, inspirere med film i Litteraturhuset og gjere deler av sentrum bilfritt under markeringa av Bilfri dag. Målet er å motivere til å la bilen stå oftare og vise korleis byen vår kan bli når vi lagar meir plass til menneske og aktivitetar, og mindre plass til bilar.

– Dette er eit godt høve til å synliggjere korleis transportbehova kan dekkjast gjennom miljøvennlege reiser. I byane er det ofte knapt med plass, og ved å avgrense bruken av bil, opnarein for eit trivelegare byrom å ferdast og opphalde seg i. Arbeidet med å etablere attraktive reisealternativ til bilen er ein kontinuerleg oppgåve for partane i Miljøløftet, men det er fint å kunne gi innsatsen i Bergen ekstra merksemd i mobilitetsvake, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Du kan mellom anna møte ho tidleg om morgonen ved Musikkpaviljongen måndag 17. september saman med komitéleiar for miljø og byutvikling i Bergen kommune, Geir Steinar Dale. 

Fakta:

  • Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du får dekka transportbehovet ditt.
  • Bergen er ein av 2270 europeiske byar som markerer den årlege europeiske mobilitetsveka

Du kan lese meir om mobilitetsveka her.