Vi bygger verdas største refleks!

Publisert: 17.10.2017 12:36:03 Oppdatert: 17.10.2017 12:40:04

Hausten snik seg innpå oss. Det blir tidlegere mørkt om kveldane og av og til kjennest det som om det ikkje eigentlig vert heilt lyst på dagen heller.

Ferdast du ute i trafikken då, er det ikkje så lett å få auge på deg. Difor er det særs viktig at du har på deg refleks!

Utan refleks er du ikkje synleg før på 25-30 meters hald, medan med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys. Med refleks er risikoen for å bli påkøyrd i mørket redusert med 85 prosent.

Ta beintfram ansvar og gjer alt du kan for å bli sett i trafikken!

Refleksens dag

Fredag 20. oktober var det «Refleksens dag» som blei markert på ulike vis omkring i landet.
I Skyss ville vi gjere noko heilt spesielt denne dagen for å sette fokus på kor viktig det er å ha på seg refleks.

Vi inviterte nemleg til bygging av «Verdas største refleks» på Torgallmenningen i Bergen!

Når refleksen var ferdig bygd, blei den lyssett. Etterpå kunne alle som ville ta med seg ein refleks til kvar ei lomme dei har.

Her er video av heile bygginga

Bli sett! Bruk refleks.

Bygging av «Verdas største refleks» på Torgallmenningen

Bruk refleks!

Her kan du lese meir om refleks