Hordaland vann 12,5 millionar til smartere transport

Publisert: 18.06.2018 17:05:31 Oppdatert: 19.06.2018 11:52:25

I vinter lanserte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ein konkurranse kor fylkeskommunane kunne kjempe om 100 millionar kroner.

Her er dei glade vinnarane. Frå venstre: Berit Karin Rystad, leder Sykkel og Mobilitet i Bymiljøetaten/ Sykkel- og mobilitetskontoret, Bergen kommune, Målfrid Vik Sønstabø, leiar trafikktilbod i Skyss, Kjetil Århus, direktør for digitalisering og innovasjon, Bergen kommune, Hanne Alver Krum, sals- og markandssjef i Skyss. Til høgre er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som delte ut prisen. Foto: Sam. dep.

Gjennom konkurransen ønska departementet å få kreative og konkrete forslag til grøne mobilitetstenester bygd på ny og smart teknologi, og konkurransen vert kalla «Smartere transport i Norge».

Hordaland fylkeskommune ved Skyss deltok saman med Bergen kommune med forslaget om å lage eit såkalla mobilitetslaboratorium for utvikling av smarte transportløysingar – eit MUST. Ein ønsker å etablere eit slikt laboratorium som skal vere ein katalysator for teknologi-, nærings- og samfunnsutvikling knytt til mobilitet og transport. Her kan ein til dømes teste ut nye løysingar og sjå på korleis ein best kan få til godt samspill mellom ulike aktørar og transportformer. 

No er premiane delte ut og Skyss vann 12,5 millionar kronar til prosjektet.

Eit laboratorium

MUST skal bli eit laboratorium for utvikling og innføring av 
transport- og mobilitetsløysingar for framtida. Etableringa skal skje som eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune/Skyss, Bergen kommune, dei andre kommunane i regionen og Statens vegvesen.

Sals- og markedsjef Hanne Alver Krum er veldig glad for premien og den anerkjennelsen det gir, og håper mobilitetslaboratorium blir verkelegheit. Ho fortel meir om forslaget. 

«Kvar for seg og til saman har fylkeskommunen, Skyss, kommunane og Statens vegvesen ei solid verktøykasse som ved hjelp av MUST kan bli utnytta langt betre enn i dag. Gjennom MUST vil ein jobbe systematisk med erfarings- og kunnskapsdeling slik at løysingar utvikla gjennom MUST også kan takast i bruk andre stader. MUST skal òg legge til rette for næringsutvikling ved at kommersielle aktørar blir involvert i utviklinga av laben og invitert til å nytte MUST i sitt innovasjonsarbeid.»

 MUST heilt i startfasen

«I første fase vil dei viktigaste aktivitetane i MUST vere å samle data frå ulike kjelder, og gje tilgang til og informasjon om desse. I tillegg skal ein etablere arkitekturprinsipp og målbilete i tråd med etablerte standardar, og ein skal legge til rette for fysisk uttesting av løysingar i regional infrastruktur», seier Alver Krum.

Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har forplikta seg til å doble gevinstsummen, sånn at prosjektet vil få 25 millionar fordelt på seks år.

Her kan du lese meir om MUST og alle prosjekta som fekk premie