Ny innfartsparkering i Åsane

Publisert: 07.07.2016 Oppdatert: 07.07.2016

I nærleiken til Åsane terminal blir det opna ein ny, gratis parkeringsplass for kollektivreisande på fredag 8. juli. 

 

No er det to store parkeringsplassar tilgjengeleg for deg med 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør). Ved Åsane terminal er det cirka 200 parkeringsplassar og mellom Åsane senter og Horisont er det cirka 160 plassar og handicapparkering tilgjengeleg for dei kollektivreisande. 

Sjå kart og les meir om parkeringsplassane i Åsane

For å avgrense bruk av privatbil inn til Bergen er det lagt til rette for parkering for kollektivreisande på utvalde stader i nærliggande bydelar og kommunar.

Her finn du oversikt over alle parkeringsplassane

Sykkelparkering

Du finn sykkelparkering på Bergen busstasjon, Birkelandsskiftet terminal, Loddefjord terminal og ved Nesttun terminal.

Sjå oversikt her