Ut og reise med bagasje?

Publisert: 13.07.2017 10:17:20 Oppdatert: 13.07.2017 10:36:22

Skal ein ut å reise, vil ein som oftast ha med seg litt meir enn det ein står og går i. Og det kan ein òg, sjølv om ein vel å reise kollektivt. Men sjølv om du ikkje må tenke deg like godt om når du skal pakke kofferten når du skal reiser kollektivt som med fly, er det fortsatt nokre ting det er lurt ha i bakhovudet. 

Som ein generell regel kan ein tenke at bagasjen kan takast med om den ikkje er farleg eller til sjenanse for andre, enkel å handtere og ikkje hindrar av- og påstiging.  I tillegg må det sjølvsagt vere plass i køyretøyet. Kva som er akseptabel bagasje vil i alle tilfelle verte avgjort av personale eller førar. 

Handbagasje
Ei veske eller ein liten ryggsekk, med andre ord handbagasje som er enkel å handtere og korkje er til bry for andre reisande eller hindrar av- og påstiging, kan du sjølvsagt ta med vederlagsfritt. Bagasjen kan heller ikkje innehalde gjenstandar som inneber ein tryggleiksrisiko.

Barnevogn, rullestol og ski
Barnevogner, rullestolar og ski kan takast med på Skyss sine transportmiddel så framt plassen tillèt det – heilt gratis. Elles gjeld reglane for anna bagasje. Barnevogner må plasserast slik førar eller anna personale syner, og må sikrast eller plasserast slik at dei ikkje fell over ende.

Sykkel
Når det gjeld syklar, kan desse òg takast med – så langt det er plass og det kan reknast for forsvarleg. For sykkel betalar du halv pris av vaksenbillett, og maksimalt kr. 52,- på enkelreiser. Samanleggbare syklar vert rekna for handbagasje, og kan dermed takast med gratis.

Dyr
Dersom du ynskjer å ta med deg dyr på reisa, skal ikkje dyret vera til sjenanse for andre reisande. I tillegg må det vera plass på transportmiddelet. Dyret må sikrast i band eller bur og må ikkje hindre fri passasje. Førar av transportmiddelet har ikkje plikt til å ta med levande dyr, forutan førarhund eller politihund, så dyr som er aggressive eller til bry for dei andre reisande kan bli sett av under transporten. Hundar reiser gratis.

Hittegods
Skulle du vera så uheldig å gløyme bagasjen din att hjå oss, tar me vare på den for deg i inntil tre månadar. Deretter vert verdigjenstandar overlevert til politiet og andre gjenstandar vert kasta eller gjevne vekk. Gjenstandar som kan innehalde sensitiv informasjon vert destruert.

For alle reiser med våre bussar, Bybanen og båtar i Hordaland, gjeld våre prisar. På andre kollektivtilbod gjeld eigne prisar. Du er sjølv ansvarleg for den bagasjen du tar med deg på transportmiddelet, og Skyss er ikkje ansvarleg for eventuelle skadar med mindre det kan påvisast aktløyse frå betjeninga si side. 

Kontaktinformasjon for hittegods

God tur!