To elferjer døypte

Publisert: 29.10.2018 14:55:21 Oppdatert: 29.10.2018 14:59:31

Elferja MF Møkstrafjord vert sett i drift i sambandet Krokeide-Hufthamar i april i år. I sommar kom MF Horgefjord etter. Dette er dei første ferjene i ei rekke nye elektriske ferjer i Hordaland.

Den 16. oktober vart dei to ferjene Møkstrafjord» og «Horgefjord» døypte.

Sjølve dåpen vart utført i Austevollshella av gudmødrene Benthe Bondhus, fylkespolitikar (Sp) og Anja Heggholmen, varaordfører i Austevoll kommune (Ap). 

Gudmødrene donerte sine gudmorgåver til TV-aksjonen. 

Ferjene er såkalla plugin-hybridferjer, og kan bli driven både som heilelektriske ferjer eller berre ved bruk av marine gassolje, eller kombinasjon av desse energikjeldene. No er det installasjonsarbeid på alle ferjekaiene knytt til ferjesambanda til Austevoll, der målet er heilelektrisk drift i løpet av januar 2019. 

I tillegg til desse to nye ferjene, som skal betene sambandet Krokeide-Hufthamar, er det satt inn ei ny ferje «MF Husavik» i sambandet Husavik-Sandvikvåg. Austevoll-samfunnet har dermed fått tre nye ferjer, styrka rutetilbod og er meir robust med eigen reserveferje.

Frå 2018 starta Skyss opp ein ny generasjonen ferjekontraktar i Hordaland.

De nye ferjene er første steg i fornyingsarbeidet av ferjedrifta i Hordaland.  Dei inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk. Skyss går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av drivstoff vesentleg. Kundane vil også vil merke at gjennomsnittsalderen på ferjene blir redusert med 25 år.

Sjå inni ferja Møkstrafjord 

 

Foto: Fjord1